Ureviderte tall 2017 for kommunane i Møre og Romsdal

15 kommunar i Møre og Romsdal har eit lågare netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter enn Teknisk beregningsutvalg anbefaler.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.04.2018

I Møre og Romsdal har 35 av 36 kommunar rapportert til Statistisk sentralbyrå. Status jamfør ureviderte tal for 2017 er at 15 av kommunane har eit lågare netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter enn Teknisk beregningsutvalg anbefaler (1, 75 %). (1) 

Gjennomsnittleg netto driftsresultat for Møre og Romsdal er på 2,7 %. Dette er lågare enn for landet utan Oslo (3,7 %).  5 kommunar, Stordal ( -1,5 %), Midsund (-3,5 %), Eide (-3,4 %), Smøla (-1,5) og Aure (-0,3) har negativt netto driftsresultat målt i % av brutto driftsinntekter. (2)

Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter er for 2017 på 95 % for fylket, landet utan Oslo 83 %. Her og er det 15 kommunar som har netto gjeld over 100 % av brutto driftsinntekter.(3)

Disposisjonsfonda til kommunane i Møre og Romsdal har i 2017 auka til samla 1 391 543, ei auke på vel 23 % frå 2016. Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter for fylket er på 7,39 %. Dette er lågare enn landet utan Oslo (10 %). (4)

Fylkesmannen tilrår at kommunane no stresstestar noverande og komande budsjett med 3 % auke i finanskostnadar. Dette med bakgrunn i at Norges Bank auka rentebanene på siste møte 15. mars, og derav moglegheitene  for ei auka rente i tia framover.