Statsbudsjettet 2017

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2017. Mellom anna vil det bli innført ei ny tilskotsordning for mellomstore kommunar som slår seg saman. Det vert også innført eit busetnadskriterium basert på reiseavstandar. Tolv kommunar i Møre og Romsdal vil dessutan bli tildelt eit vedlikehaldstilskot i 2017. Nedanfor følger eit samandrag av hovudpunkta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2016

Auka skatteinntekter i 2016

Inntektsveksten i 2016 er betydeleg høgare enn kva som er lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2016. Anslaget for kommunane sine skatteinntekter i 2016 er oppjustert med kr 3,1 mrd. i høve til Revidert nasjonalbudsjett 2016. Bakgrunnen for dette er ekstraordinært store uttak av utbytte frå aksjeeigarar, truleg som ei følge av tilpassingar i samband med skattereforma 2016. Auka i skatteinntektene er dermed av forbigåande karakter.

 

Regjeringa sitt forslag for kommunane i 2017

Skatteprosenten (skatteøren) i kommunane vil for 2017 vere 11,8 prosent, og dermed uforandra frå 2016.

For kommunane sine samla inntekter er skattedelen 40 prosent også for 2017.

Anslaget på skatteinntektene for kommunane for 2017 bygger blant anna på føresetnader om ein sysselsettings- og lønsvekst på høvesvis 0,7- og 2,7 prosent frå 2016 til 2017.

Den nominelle veksten i skatteinntekter for kommunane frå 2016 til 2017, er berekna til 2,3 prosent. Den moderate skatteveksten har sin bakgrunn i den ekstraordinære meirskatteinntektene i 2016.

Kommunal deflator er ein indeks for berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter. Lønsvekst og prisvekst på kjøp av varer og tenester ligg til grunn for deflatoren. I statsbudsjettet blir inntektene i kommunesektoren prisjustert, slik at endringar i inntektene er basert på realverdiar. For berekning av realvekst i kommunesektoren blir det lagt til grunn ein vekst i deflatoren på 2,5 prosent, kor overslag på lønsveksten inngår med 2,7 prosent og tel nær 2/3 av den samla deflatoren. Deflatoren blir nytta til prisjustering av statlege rammetilskot og øyremerka tilskot i statsbudsjettet.

 

Frie inntekter

Dei frie inntektene omfattar rammetilskot og skatteinntekter. Tabell 1 viser anslag på frie inntekter og oppgåvekorrigert vekst frå 2016 til 2017 for kommunane i Møre og Romsdal, i tillegg er rammetilskota spesifisert.

 

Ramme-tilskot 2017

Anslag på frie inntekter 2017

Anslag på oppgåve-korrigert vekst 2016-2017

Vekst rekneskap 2016-2017

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(prosent)

Molde

576 071

1 339 317

44 430

3,4

Ålesund

972 944

2 313 356

51 108

2,3

Kristiansund

562 259

1 239 500

27 288

2,3

Vanylven

107 764

197 499

4 571

2,4

Sande

88 240

158 869

2 053

1,3

Herøy

214 590

478 232

5 182

1,1

Ulstein

197 871

457 631

8 323

1,9

Hareid

131 489

274 424

6 544

2,4

Volda

224 012

472 461

8 734

1,9

Ørsta

275 130

569 733

10 466

1,9

Ørskog

73 908

139 078

2 330

1,7

Norddal

70 312

117 236

1 746

1,5

Stranda

135 624

262 320

3 256

1,3

Stordal

48 598

76 428

1 018

1,4

Sykkylven

193 788

404 739

7 423

1,9

Skodje

123 362

250 540

6 037

2,5

Sula

248 241

494 321

9 269

1,9

Giske

203 728

428 351

4 980

1,2

Haram

229 824

484 827

7 065

1,5

Vestnes

155 697

338 097

12 756

3,9

Rauma

213 079

420 128

5 837

1,4

Nesset

95 247

179 006

4 717

2,7

Midsund

76 452

133 997

1 328

1,0

Sandøy

53 863

91 787

853

0,9

Aukra

101 358

202 570

3 270

1,6

Fræna

255 485

522 661

9 048

1,8

Eide

106 616

202 026

2 603

1,3

Averøy

150 795

311 580

5 321

1,7

Gjemnes

88 265

159 759

773

0,5

Tingvoll

110 083

195 065

6 539

3,5

Sunndal

204 769

405 530

8 919

2,2

Surnadal

170 078

333 789

6 353

1,9

Rindal

73 666

129 614

1 973

1,5

Halsa

66 328

108 766

1 542

1,4

Smøla

79 944

138 682

4 782

3,6

Aure

140 750

237 938

3 044

1,3

Fordelast gjennom året

60 396

60 396

 

 

Møre og Romsdal

6 880 626

14 330 251

288 293

2,1

Tabell 1: Frie inntekter og oppgåvekorrigert vekst frå 2016 til 2017.

 

For kommuneopplegget i 2017 er det lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på kr 3,625 mrd. Priskompensasjon frå 2016 til 2017 kjem i tillegg. Det er imidlertid lagt inn fleire føringar på beløpet på kr 3,625 mrd:

i)   Endringar i befolkningssamansetninga gjev kommunesektoren utfordringar som medfører meirutgifter. Kr 2 mrd. skal finansierast innanfor veksten i frie inntekter.

ii)  Overslag viser at auka i kommunane sine samla pensjonskostnader er om lag kr 750 mill. i 2017. Desse auka kostnadane må dekkast av veksten i dei frie inntektene.

iii) I tillegg kjem satsingar på tiltak som er finansiert frå veksten i frie inntekter på i alt kr 600 mill:

  1. kr 150 mill.  skal gå til tidleg innsats i grunnskulen
  2. kr 300 mill. skal gå til auka satsing innanfor rusomsorg
  3. kr 100 mill. skal gå til ei auka satsinga innanfor habilitering og rehabilitering
  4. kr 50 mill. skal gå til ei auka satsing på helsestasjonar og skulehelsetenesta

Det inneberer at det er eit handlingsrom for kommunesektoren på kr 275 mill. innanfor det samla beløpet frå veksten i fri inntekter.

  

Inntektssystemet i 2017

Frå 2017 vil vektinga mellom dei ulike sektorane i kostnadsnøkkelen for kommunane bli oppdatert årleg, med dei siste tilgjengelege rekneskapstala. Kostnadsnøklane er oppdaterte for å fange opp endringar i befolkningssamansetning, levekår, reiseavstandar og andre strukturelle tilhøve.

Dei viktigaste endringane i inntektssystemet som gjeld frå og med 2017, er følgande:

 

Veksttilskot

Grensa for å få tildelt veksttilskot blir senka til 1,4 prosent (tidlegare: 1,5 prosent) gjennomsnittleg årleg vekst i innbyggartalet over vekstgrensa dei tre siste åra. Tilskotssatsen per nye innbyggar ut over vekstgrensa er kr 57 191.

 

Basistilskot

Eine halvparten av basistilskotet vil falle på alle kommunane. For å differensiere mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper, blir det innført eit nytt kriterium basert på reiseavstandar. Den andre halvparten av basistilskotet vil basere seg på verdien av dette kriteriet (den øvre grenseverdien er lik gjennomsnittleg reiseavstand for å nå 5000 innbyggarar for kommunar med under 5000 innbyggarar). Kommunar kor dette kriteriet er 25,5 km eller meir vil få full utelling frå basistilskotet, medan kommunar med kortare reiseavstandar gradvis vil få eit lågare basistilskot. Fullt basistilskot vil for 2017 vere kr 15 mill. Tabell 2 viser tala for dei graderte basisutrekningane for kommunane i Møre og Romsdal.

 

km

Grad. basis

 

km

Grad. basis

 

km

Grad. basis

Molde

4

0,58

Stranda

16

0,81

Aukra

13

0,76

Ålesund

2

0,54

Stordal

20

0,89

Fræna

10

0,69

Kristiansund

3

0,55

Sykkylven

5

0,60

Eide

11

0,71

Vanylven

22

0,92

Skodje

7

0,63

Averøy

12

0,73

Sande

20

0,88

Sula

3

0,57

Gjemnes

18

0,85

Herøy

6

0,62

Giske

6

0,62

Tingvoll

24

0,97

Ulstein

4

0,57

Haram

14

0,77

Sunndal

7

0,64

Hareid

5

0,59

Vestnes

11

0,71

Surnadal

12

0,74

Volda

6

0,62

Rauma

13

0,75

Rindal

20

0,89

Ørsta

6

0,63

Nesset

22

0,93

Halsa

30

1,00

Ørskog

9

0,67

Midsund

23

0,94

Smøla

50

1,00

Norddal

27

1,00

Sandøy

41

1,00

Aure

31

1,00

Tabell 2: Graderte basisutrekningar for kommunane i Møre og Romsdal.

  

Distriktstilskot

Dagens småkommunetilskot blir vidareført i dei to distriktstilskota, distriktstilskot Sør-Noreg og distriktstilskot Nord-Noreg, som eit eige småkommunetillegg. Satsane i småkommunetillegget blir differensiert ut frå kommunane sine verdiar i distriktsindeksen. Satsane for distriktstilskot Sør-Noreg vil framover dessutan vektlegge meir fordeling per innbyggar enn per kommune.

  

Kommunalt vedlikehaldstilskot Sør- og Vestlandet 2017

Vedlikehaldstilskotet har som føremål å bidra til auka aktivitet på Sør- og Vestlandet som er særleg ramma av nedgangen i petroleumsrelaterte næringar.

For 2017 føreslår regjeringa å løyve ytterlegare kr 650 mill. i vedlikehaldstilskot til kommunar på Sør- og Vestlandet, i tillegg til bevillinga på kr 400 mill. i revidert nasjonalbudsjett 2016. Løyvingane kjem i tillegg til den føreslåtte inntektsramma for kommunesektoren.

Tilskotet blir fordelt med kr 400 mill. til kommunar på Sør- og Vestlandet som har arbeidsløyse over landsgjennomsnittet ved utgangen av august 2016, det vil seie over 3,1 prosent. Tilskotet per arbeidsledig ut over 3,1 prosent vil vere det same for alle kommunane som mottar vedlikehaldstilskot.

I tabell 3 ser vi fordelinga av denne delen av vedlikehaldpakken (kr 400 mill.) for kommunane i Møre og Romsdal.

Kommunalt vedlikehaldstilskot 2017 Møre og Romsdal

 Kroner

Ålesund

1 468 000

Kristiansund

16 868 000

Herøy

2 413 000

Ulstein

3 959 000

Hareid

3 552 000

Haram

3 554 000

Vestnes

817 000

Rauma

666 000

Nesset

90 000

Midsund

120 000

Aukra

415 000

Eide

528 000

Møre og Romsdal

34 450 000

Tabell 3: Kommunar som blir tildelt vedlikehaldstilskot i 2017.

Ut på nyåret vil dei resterande kr 250 mill. bli vurdert når ein ser utviklinga i arbeidsløysa.

 

Helse og omsorg

Opptrappingsplan for rus

I 2017 blir ei ytterlegare bevilling til rusområdet føreslått. Kr 300 mill. av veksten i frie inntekter er grunngitt med auka satsing på rusområdet. Midla blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp.

Helsestasjon og skulehelsetjeneste

Det er foreslått ein auke i rammetilskotet på kr 50 mill. knytt til satsinga på helsestasjon og skulehelsetenesta. Fordelinga av midlane blir gjort ut i frå talet på innbyggarar som er 19 år eller yngre. Alle kommunane er garantert eit minimumsbeløp på kr 100 000.

For kommunar som kan dokumentere at dei har nytta tilskotet i tenesten, er det i tillegg foreslått å løyve kr 101 mill. i øyremerka tilskot over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.

Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering

kr 100 mill. av veksten i dei frie inntektene er knytt til ei auka satsing på habilitering og rehabilitering. I tillegg er det foreslått å øyremerke kr 100 mill. til opptrappingsplanen, kor kr 91 mill. er  eit nytt øyremerka stimuleringstilskot for kommunane over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett. Midla i opptrappingsplanen er lagt opp til å auke til kr 300 mill. innan 2019.

Dagaktivitetsplassar for demente

Gjennom øyremerka tilskot på kr 45 mill. er det føreslått for 2017 å legge til rette for om lag 750 fleire dagaktivitetsplassar for personar med demens.

Tilskot til rekrutteting av psykologar

Tilskotet til kommunar som tilsett psykologar aukar med kr 20 mill.

Snarleg hjelp

Frå 2017 får kommunane ei plikt til å by på snarleg hjelp døgnopphald for brukarar med psykisk helse- og rusproblematikk. Den kommunale plikta gjeld berre for pasientar og brukarar som det er mogleg for kommunen å greie ut, behandle eller yte omsorg til. Regjeringa føreslår å innlemme kr 86,5 mill. i kommunenes rammetilskot til dette føremålet.

Ressurskrevande tenester

For 2017 blir kompensasjonsgraden vidareført, det vil seie 80 prosent av netto utgifter som ligg over innslagspunktet.

Innslagspunktet for å få kompensasjon blir prisjustert med 2,4 prosent (anslaget i veksten i lønsutgiftene frå 2015 -2016) . I tillegg vil innslagspunktet auke med kr 50 000 ut over dette, noko som gjev eit innslagspunkt på kr 1,157 mill. Dette vil representere ei innstramming på kr 330 mill.

 Omsorgsplassar

Regjeringa føreslår eit investeringstilskot til om lag 1 800 heildøgns omsorgplassar i 2017. Personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester uavhengig av alder, diagnose og funksjonshemming er målgruppa for ordninga.  Det blr foreslått å endre investeringstilskotet slik at det berre blir gitt støtte til prosjekt som aukar det totale talet på plassar i ein kommune frå og med 2021, med ei gradvis innfasing av den nye ordninga i budsjetta for 2017 - 2020.

 

Sosialhjelp

Stortinget har vedtatt å innføre plikt for kommunane om at dei skal stille krav om aktivitet ved tildeling av økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Dette vil i første omgang gjelde mottakarar av sosialhjelp som er under 30 år. Regjeringa føreslår å løyve kr 60 mill. over rammetilskotet til kommunane, for å dekke meirkostnadane deira som ei følge av denne innføringa.

 

Frivilligsentralar

Ansvaret for tilskotet til frivilligsentraler blir overført til kommunane i 2017. Tilskotet frå Kulturdepartementet er for 2017 på kr 131 mill. og er innlemma i rammetilskotet, med føreslag om ei auke på kr 20 mill.

 

Skule

For å motverke fråfall i skulen på lang sikt, er kr 150 mill. av dei frie inntektene føreslått løyva til tidleg innsats i grunnskulen. Midla blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for grunnskule. Eit lovforslag om tidleg innsats vil bli sendt på høyring.

 

Integrering

Ekstratilskot til kommunar som buset flyktningar er føreslått vidareført i 2017, det same er ekstra eingongstilskot per einsleg mindreårig som blir busett i 2017.

  

Kommunereforma

Regionsentertilskot

Kommunar som ikkje får storbytilskot, kan bli tildelt regionsentertilskot viss det blir fatta eit nasjonalt vedtak om samanslåing i perioden for kommunereforma, og kommunen etter samanslåinga har meir enn 9000 innbyggarar. Fordelinga av tilskotet blir gjennomført våren 2017. Nasjonalt blir tilskotsramma kr 100 mill. for 2017 (halvårsverknad), og kr 200 mill. for 2018.

Tilskotet blir høvesvis fordelt med ein sats på 40 prosent per innbyggar, og ein sats på 60 prosent per samanslåing.

 

Overgangsordning gradert basistilskot

Kommunar som slår seg saman og som i overgangsfasen fram til samanslåinga trer i kraft får redusert basistilskot, vil bli kompensert for dette ved at kr 300 mill. innanfor skjønstilskotet blir nytta til dette formålet. Dette omfattar ikkje endringar i regionpolitiske tilskot. Fordelinga av tilskotet blir avgjort etter at Stortinget har behandla kommunereforma våren 2017, og er såleis ikkje fordelt i statsbudsjettet for 2017.

Overgangsordninga for gradert skjønstilskot og regionsentertilskot (kr 100 mill.) erstattar tildelinga av ekstraordinært skjønstilskot i perioden frå 2011 til 2016.

 

Andre tilskot

Det er satt av i overkant kr 1 mrd. til dekning av eingongskostnader i samband med samanslåing av kommunar. Desse vil bli utbetalt kort tid etter at Stortinget har fatta eit nasjonalt vedtak om kommunesamanslåing våren 2017.   

Kommunar som får bortfall av tilskot ved kommunesamanslåingar vil få årlege inndelingstilskot (i 15 år + 5 år med gradvis utfasing), frå og  med det året samanslåinga er ein realitet.  

Kontaktpersonar