Statsbudsjettet 2016 - Overordna framlegg

Regjeringa sitt forslag for kommunane i statsbudsjettet: over ein halv milliard frie kroner meir til kommunane i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2015

Regjeringa har lagt fram sitt forslag til statsbudsjettet for 2016 den 7. oktober kl 10. No vil regjeringa sitt framlegg bli diskutert med samarbeidspartia, Krf og Venstre. Seinast 20. november skal finanskomiteen avgi innstilling om statsbudsjettet. Stortinget skal behandle innstillinga til finanskomiteen innan ei veke. Deretter skal fagkomiteane avgi innstilling om løyva innan dei rammeområda dei er tildelt. Fagkomiteane sine budsjettinnstillingar skal bli behandla av Stortinget seinast 15. desember.

Prosessen rundt statsbudsjettet følger Stortingets forretningsorden fram til endeleg vedtak i Stortinget:

Statsbudsjettet - Prosessen fram til endeleg vedtak

Utgangspunktet i 2015

Skatteinngangen på nasjonalt nivå har vore i tråd med anslaga i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) frå mai i år. Det gir ikkje grunnlag til å endre på prognosen på årsbasis utover RNB.

Den samla pris- og kostnadsveksten blir oppretthaldt på nivå med RNB, med 2,9 prosent.

 

Regjeringa sitt forslag for kommunesektoren

Regjeringa legg opp til ein vekst i samla inntekter på 7,3 milliardar kroner i 2016. Av denne veksten utgjer dei frie inntektene 4,7 milliardar kroner. Fylkeskommunane sin del av veksten i frie inntekter er på 0,5 milliardar kroner, medan primærkommunane 4,2 milliardar kroner.

Veksten i frie inntekter går til å styrke den generelle kommuneøkonomien utover endringar som følgje endringar i oppgåver og pliktar for kommunane. I tillegg må dei frie inntektene til kommunane i 2016 bli auka, mellom anna for å dekke meirkostnadar for oppretthalde dagens tenesteproduksjon.

Demografikostnadane kjem av endra folketal og endra alderssamansetning, til dømes at det blir fleire innbyggarar og fleire eldre. I 2016 er det pårekna auka demografikostnadar på 1,7 milliardar kroner på primærkommunane.

Pensjonskostnadene for 2016 er grovt rekna til 900 millionar kronar totalt for kommunesektoren, kor 800 millionar kroner av dette kan bli i primærkommunane. Det grunn til å understreke at dette er grove anslag. Veksten i dei frie inntektene kan mellom anna gå til å dekke auka pensjonskostnader.

Av veksten i frie inntekter er det om lag att 1,7 milliardar kroner etter at berekna kostnadar knytt til demografi og pensjon er trekt frå. Kommunane kan velje å bruke inntektsveksten på regjeringa sine satsingar:

Tabell

  • Regjeringa grunngir 400 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene med at kommunane kan ha rom til å styrke rusomsorgen. Dei 400 millionar kronene vil bli fordelt gjennom sosialhjelpsnøkkelen.
  • Av veksten i dei frie inntektene er 200 millionar kroner grunngitt med at kommunane kan ytterlegare styrke helsestasjons-, herunder jordmorstenestene, og skulehelsetenesta. Midlane blir føreslått særskilt fordelt til kommunane basert på innbyggartalet i alderen 0 til 19 år, med eit minstenivå på 100 000 kroner per kommune.
  • I framlegget til statsbudsjett er 400 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene grunngitt med at kommunane kan velje å ha eit meir fleksibelt barnehageopptak enn det regelverket legg opp til. Dei 400 millionar kronene blir fordelt etter barnehagenøkkelen.
  • Fylkeskommunane kan velje å nytte 200 millionar kronene av veksten i dei frie inntektene til fornying og opprusting av fylkesvegane. 

På grunn av uro i den internasjonale økonomien, vil regjeringa følgje nøye med på den økonomiske utviklinga. Om situasjonen tilseier det, vil regjeringa gjere ei ny vurderinga av kommuneøkonomien og skatteinngangen i samband med RNB for 2016.

 

Kommunal deflator

Den kommunale deflatoren er ein indeks for berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter. Indeksen er bygd opp av lønsvekst og prisvekst på kjøp av varer og tenester. I kommuneopplegget i statsbudsjettet er det i hovudsak reelle endringar kommunesektoren sine inntekter det blir sett på. Det inneberer at kommunesektoren sine inntekter blir prisjustert før realveksten blir lagt til.

Som nemnt tidlegare er ikkje den kommunale deflatoren for 2015 justert i høve til RNB 2015.

For 2016 er det føresett en lønsvekst på 2,7 prosent. Lønsveksten teller knapt to tredjedelar av den samla deflatoren. Samla deflator er satt til 2,7 prosent.

Deflator

Skattøren

Dei frie inntektene er skatteinntekter og rammetilskot. Skatt på alminneleg inntekt og formue frå personlege skattytarar blir delt mellom staten, fylkeskommunar og kommunar. Fordelinga blir bestemt gjennom fastsette maksimalsatsar på skattørene for kommunar og fylkeskommunar. 

I kommuneproposisjonen for 2016 ble det signalisert at skattørene for 2016 skal bli innretta etter eit mål om at skatteinntektene for kommunesektoren skal utgjere 40 prosent av samla brutto inntekt. I RNB 2015 vart prognosen for skatteinntektene i år redusert, og samstundes med at rammeoverføringa auka med 1,2 milliardar kroner. Skatteandelen i 2015 blir sannsynlegvis redusert til 39 prosent av samla inntekter. Isolert sett trekker det i retning av å auke dei kommunale skattørene i 2016. 

Til grunn for anslaget for skatteinntektene i kommunesektoren neste år ligger ein sysselsettingsvekst på 0,5 prosent og 2,7 prosent lønsvekst frå i år. 

Med bakgrunn i dette blir den kommunale skattøren for 2016 foreslått oppjustert med 0,45 prosent for primærkommunane, og 0,05 prosent for fylkeskommunane. Skattøren for kommunane vil etter det forslaget utgjere 11,8 prosent av alminneleg personskatt, medan fylkeskommunane sin del vil vere 2,65 prosent.

 

Inntektssystemet

Regjeringa har tidlegare varsla ein total gjennomgang av inntektssystemet som får konsekvens frå og med 2017. I gjennomgangen blir det sett på skatteandelen og i høve til rammetilskottet, justering og oppdatering av delkostnadsnøklane og ikkje minst basistilskotet og dei distriktspolitiske tilskota. Departementet tek sikte på å ha høyringsnotatet klart før jul.

Det blir gjort einskilde mindre endringar i inntektssystemet i 2016:

  • Veksttilskotet blir styrka frå 393,4 millionar kroner i 2015 til 440,6 millionar kroner i 2016. Terskelen for å få tilskot blir redusert frå ei folketalsvekst på over 1,6 prosent til 1,5 prosent, rekna ut frå gjennomsnittet dei tre siste åra. Tilskotet blir prisjustert, og går frå 55.000 kroner per innbyggar utover vekstgrensa, til 56.485 kroner. I landet er det 64 kommunar får veksttilskot i 2016. I Møre og Romsdal er det kommunane Ulstein, Skodje, Sula, Giske og Aukra som får veksttilskot.
  • Småkommunetilskotet blir heldt nominelt på same nivå som i 2015, det vil seie at det ikkje blir justert i høve til deflatoren.

 

 

Oppgåveendringar

I hovudsak er det eit skilje mellom overføringar til kommunane som er frie og overføringar som er knytt til endringar i oppgåver som kommunane må utføre. Overføringane som er knytt til oppgåveendringar er ikkje tatt med i veksten i dei frie inntektene.

Helse og omsorg

  • Det er foreslått ei tilsegnsramme på 4,1 milliardar kroner til 2500 heildøgns omsorgsplassar i sjukeheim og omsorgsbustadar i 2016.
  • Regjeringa vil fremme forslag til endring av helse- og omsorgslova slik at kommunane frå 1. januar 2020 får plikt til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Det kan skje ved utbygging av tilbodet fram mot 2020. HOD får 71,3 millionar kroner øyremerka for å legge til rette for 1.200 nye plassar.
  • I primærhelsetenestemeldinga vart det varsla lovkrav om kommunal psykologkompetanse frå 2020. Som eit ledd i opptrappinga, blir det foreslått å leggje om det eksisterande rekrutteringstilskotet til eit flatt årleg tilskot på 300.000 kroner per psykologårsverk som blir rekruttert frå 2016. Det er løyvd 145 millionar kroner for inntil 150 nye psykologårsverk i 2016.
  • Frå 1. januar 2016 har kommunane plikt til å syte for augeblikkeleg døgnopphald for pasientar med somatiske sjukdommar. Dei 1,2066 milliardar kronene blir innlemma i rammetilskotet til kommunane.
  • Innslagspunktet for ressurskrevjande tenester blir justert i høve til deflatoren, og i tillegg blir innslagspunktet auka med 10.000 kroner. Kompensasjonsgraden blir heldt uendra på 80 prosent utover innslagspunktet. Løyva til dette føremålet er venta å auke med 1,2 milliardar kroner frå 2015 til 2016.

 

Barnehagar

  • Løyva over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett knytt til auka kompetanse og kvalitet blir auka med 160 millionar kroner i 2016. Midlane skal mellom anna gå til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning og til lokale tiltak for å styrke det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
  • Frå 2016 får ikkje-kommunale barnehagar den same finansieringa som kommunale barnehagar, det vil seie 100 prosent av tilskotet til tilsvarande kommunale barnehagar. Kommunane får ei kompensasjon over rammetilskotet på 180 millionar kroner.
  • Det blir gjort endringar i forskrifta om finansiering av ikkje-kommunale barnehagar for å gi betre samsvar mellom reelle utgifter og tilskotet frå kommunen. Endringane er først og fremst knytt til pensjons- og kapitalutgifter. Dette gir isolert sett ei innsparing på 338 millionar kroner som blir trekt ut frå rammetilskotet.

 

Skule

  • Kommunane får auka rammetilskotet med 77,6 millionar kroner for å auke timetalet i naturfag med éin veketime på 5. til 7. trinn i frå hauste 2016.
  • Kompetansesatsinga i skulen held fram på same nivå, og i 2016 vil over 5.000 lærarar få tilbod om vidareutdanning.
  • Lærlingtilskotet til lærebedrifter blir foreslått auka med ytterlegare 2.500 kroner per kontrakt i 2016, og fylkeskommunane får kompensert dette med 50 millionar kroner.
  • I 2009 vart det signalisert ei investeringsramme for skule og svømmeanlegg på 15 milliardar kroner over åtte år. I 2016 blir dei siste 1,5 milliardane fasa inn i budsjettet.

 

Forsøk med ny oppgåve- og ansvardeling i barnevernet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil i 2016 iverksette forsøk med ny oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommunalt og statleg barnevern. Forsøkskommunane vil bli kompensert for auka oppgåve- og finansieringsansvar gjennom auka rammetilskot på 247,6 millionar kroner, etter særskilt fordeling (i tabell C, Grønt hefte).

 

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til staten

Regjeringa foreslår i Prop. 1 LS (2015-2016) å overføre skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane til Skatteetaten med verknad frå 1. juli 2016. Oppgåveoverføringa er anslått å gi ei innsparing for kommunane på 630 millionar kroner i 2016, og rammetilskotet til kommunane blir foreslått redusert tilsvarande.

 

Flyktningar og integrering

Det har vore ei kraftig auke i talet på asylsøkjarar til Europa, og Noreg. Regjeringa har difor lagt fram forslag om tilleggsløyver i 2015 som følgje av dette:

  • Politiet får 50 millionar kroner for å auke kapasiteten knytt til registrering av nye asylsøkjarar til Noreg.
  • UDI blir styrka med 5 millionar kroner.
  • Verjemålsordninga blir styrka med 3 millionar kroner.
  • Løyva til einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssentre blir auka med 65 millionar kroner.
  • Tilskot til utleigebustadar blir auka med 50 millionar kroner.
  • Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) blir styrka med 5 millionar kroner.

I budsjettet for 2016 er det foreslått å;

  • styrke integreringstilskotet med 50 millionar kroner til eit ekstratilskot til kommunar ved busetting av flyktningar. Kriteriet for å få tilskot er at kommunen i 2016 busett fleire enn dei ble oppmoda om i 2015. Tilskotet blir utbetalt med 50.000 kroner for kvar person kommunen busett utover dette i 2016.
  • styrke det særskilte tilskotet for busetting av einslege, mindreårige flyktningar med 25 millionar kroner. Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busett. Satsen blir foreslått auka frå 191.300 kroner i 2015 til 207.000 kroner i 2016. 

Regjeringa varslar at den vil leggje fram ein tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2016 om denne situasjonen i løpet av hausten.

 

Kommunereforma

Det er brei semje på Stortinget om behovet for ei kommunereform. Dei nyvalte kommunestyra har frist til 1. juli 2016 med å gjere vedtak. Fylkesmannen skal oppsummere og gi tilråding om kommunestrukturen hausten 2016. Regjeringa fremmer proposisjon om ny kommunestruktur våren 2017. Ei samla lovproposisjon om nye oppgåver til større kommunar blir lagt fram for Stortinget våren 2017. Regjeringa har óg satt i gang eit arbeid med ein generell gjennomgang av den statlege styringa av kommunane. Arbeidet tek sikte på å redusere den statlege detaljstyringa. Resultatet av gjennomgangen vil bli presentert for Stortinget våren 2017.

Kommunereforma - Prosess