Statsbudsjettet 2015

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.10.2014

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2015. Regjeringa signaliserer at det er viktig med ein balansert økonomisk politikk. Noregs offentlege finansar er solide, men vil bli utfordra i tiåra som kjem. Samtidig som betydninga av oljeinntektene for statsfinansane etter kvart vil bli mindre, blir innbyggarane eldre. Det trekker isolert i retning av lågare inntekter, auka utgifter og lågare arbeidsinnsats.

Med det som bakteppe vil regjeringa ha som mål å føre ein balansert økonomisk politikk som styrker grunnlaget for eit vekstkraftig næringsliv og som vil gjere offentleg verksemd meir effektiv. For å sikre arbeidsplassar og finansiering av velferdsstaten, er det avgjerande med ein økonomisk politikk som styrker konkurranseutsette næringar og som bidrar til ei balansert utvikling i norsk økonomi.

Ein balansert økonomisk politikk gir eit godt grunnlag for å prioritere mellom ulike føremål innanfor knappe budsjettrammer. I statsbudsjettet for 2015 er kommunesektoren prioritert. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å byggje ut fleire og betre tenester i kommunane gjennom statsbudsjettet. Eit av regjeringa sine åtte satsingsområde er levande lokaldemokrati. Viktige prinsipp er meir makt og mynde til kommunane samt å leggje oppgåver og avgjersler så nær dei det gjeld som råd. Kommunereforma er viktig for få til dette.

 

Økonomiske rammar i statsbudsjettet 2015

Eit anna viktig prinsipp for å leggje til rette for eit levande lokaldemokrati er økonomisk og juridisk rammestyring av kommunane. Rammefinansiering gir kommunane handslingsrom til å finne lokalt tilpassa løysingar. Regjeringa legg difor opp til at overføringane til kommunane skal vere fri for bindingar slik at kommunane sjølve kan prioritere bruken av dei.

Frie inntekter 2015

I forslaget til regjeringa vil kommunesektoren sine inntekter få ein realvekst på 6,2 milliardar kroner, rekna frå revidert nasjonalbudsjett frå mai i 2014. Veksten i frie inntekter utgjer 4,4 milliardar kroner, der 3,9 milliardar kroner går til primærkommunane.

Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekke auka utgifter til endringar i demografien og auka pensjonskostnader.

  • Nytt anslag tilseier at demografiutgiftene aukar med 3,1 milliardar kroner til neste år. Ein del av utgiftsauka blir finansiert gjennom øyremerka midlar, medan om lag 2,7 milliardar kroner dekkast gjennom auking av frie midlar. Primærkommunane sine utgifter knytt til endringar i demografien er om lag 80 prosent av dette.
  • Som varsla i kommuneproposisjonen for 2015 er det venta at pensjonskostnadene til kommunesektoren vil auke med 0,5 milliardar kroner utover det som kompenserast gjennom deflatoren. Kommunane sin del av dette utgjer om lag 80 prosent.

Regjeringa grunnar veksten i frie inntekter utover dette med:

  • Styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta med 200 millionar kroner
  • Styring av kommunale tenester til rusavhengige og personar med psykiske lidingar med 200 millionar kroner
  • Meir fleksibelt barnehageopptak med 100 millionar kroner

Kommuneøkonomien 2014 – endringar sidan revidert nasjonalbudsjett

I revidert nasjonalbudsjett 2014 som vart lagt fram i mai var anslag på skatteinntektene for kommunesektoren redusert med 1,2 milliardar kroner. Utviklinga i skatteinngangen sidan mai gjer at skatteanslaget for 2014 er ytterlegare redusert med 0,9 milliardar kroner, til totalt 2,1 milliardar kroner.

På utgiftssida er anslaget for kommunesektorens meirutgifter knytt til demografi justert ned med 0,5 milliardar kroner som følgje av lågare folketalsvekst.

Den kommunale deflatoren er elles uendra frå anslaget i revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram i mai. Det inneberer reduserte utgifter for budsjettåret 2014 sett i høve til statsbudsjettet som vart vedteken i desember i fjor.

Kommunal deflator 2014 og 2015

Den kommunale deflatoren er bygd opp av venta endringar i pris- og lønsvekst. Den ligg til grunn for kommuneopplegget i statsbudsjettet for å korrigere for reelle endringar i kommunesektoren sine inntekter. Det inneberer at realveksten i kommunesektoren sine inntekter er pris- og lønsjustert for å rekne ut realveksten. Deflatoren for 2014 og 2015 er i figuren under.

                                                               2014                                      2015

Deflator                                                     3,0                                         3,0

Herav lønsvekst                                       3,3                                         3,3

I deflatoren utgjer løn knapt to tredjedelar.

Skatteøre

I kommuneproposisjonen vart det signalisert at skatteøren for 2015 skal fastsetjast ut frå eit mål om at skatteinntektene for kommunesektoren skal utgjere 40 prosent av dei samla inntektene. Avviklinga av kommunal medfinansiering og uttrekket frå rammetilskotet inneberer isolert sett at skatteandelen til kommunane aukar. Vidare skal uføretrygd frå 2015 skatteleggjast som løn. Denne reforma tilseier isolert sett at skatteinntektene aukar.

Samla sett må dei kommunal skatteøre justerast ned for å oppnå ein skattedel på 40 prosent. Den kommunale skatteøren justerast ned 0,15 prosentpoeng, til 11,25 prosent.

Styrka veksttilskott

Regjeringa vil styrke kommunane med store investeringsbehov som følje av sterk auke i folketalet. I forslaget til regjeringa er vekstgrensa redusert til 1,6 prosent auke i folketalet i årleg gjennomsnitt dei siste tre åra. Satsen er satt til 55.000 kroner per innbyggar. Grensen og satsen for veksttilskottet er endra i høve til signala i kommuneproposisjonen.

Aukinga i veksttilskottet finansierast delvis ved eit trekk i innbyggartilskottet for alle kommunane, og delvis ved at satsen for kommunane som får veksttilskott er redusert til 55.000 kroner.

I Møre og Romsdal får kommunane Ørskog, Skodje, Sula og Giske veksttilskott i 2015.

 

Forslag om nye eller endra oppgåver

Statsbudsjettet 2015 inneheld fleire forslag om nye, endra eller korreksjonar av oppgåver for kommunane. Alle endringar som har økonomiske konsekvensar for kommunane kompenserast eller trekkast for i dei frie inntektene. Endringane her kjem utanom veksten i dei frie inntektene.

Tabellen under viser slike endringar for statsbudsjettet 2015.

Korreksjonssaker                          

i million

Auka kommunal eigenandel statlege barneverninstitusjonar

164,8

Reversering kulturskoletilbud skole/SFO, heilårseffekt 2014

-108,5

Reversering frukt og grønt, helårseffekt 2014

-154,5

Valfag 10. trinn, heilårseffekt 2014

98,4

Auka likeverdig behandling kommunale/private barnehagar, heilårseffekt 2014

95,9

Redusert etterspørsel pga auka kontantstøtte, heilårseffekt 2014

-243,4

Auka maksimalpris barnehage

-312,0

Nasjonalt minstekrav foreldrebetaling barnehage

111,6

Brukarstyrt personleg assistanse

300,0

Avvikling av kommunal medfinansiering

- 5 674,7

Uttrekk utbygging av tilbod til øyeblikkelig hjelp

-89,0

Trekk endra differensiert arbeidsgivaravgift

-267,0

Som regjeringa varsla i kommuneproposisjonen, og vi i brevet vårt frå 25. september i år, blir dei kommunane som fekk lågare arbeidsgivaravgift frå 1. juli i år trekt i rammetilskotet tilsvarande utgiftsreduksjonen for kommunen. Det gjeld kommunane Vanylven, Sande, Stordal, Vestnes og Nesset.  

Helse og omsorg

I tillegg til nemnde satsing på psykisk helse og rusarbeid, samt helsestasjons- og skolehelsetenesta gjennom frie inntekter, legg regjeringa fram forslag om:

- Innfasing av om lag 4 milliardar kroner til 2.500 heildøgns omsorgsplassar i sjukeheim og omsorgsbustad i 2015, samt å heve den maksimale anleggskostanden per eining

- Løyving til dagaktivitetstilbod til demente på 130 millionar kroner. Dette legg til rette for 1.070 nye dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens i 2015.

- Rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA) for personar under 67 år med langvarig og stort behov for personleg assistanse trer i kraft frå 1. januar 2015. Kommunesektoren kompenserast med 300 millionar kroner i 2015 gjennom rammetilskottet

- Øyeblikkelig hjelp døgntilbod i kommunane byggast vidare ut. I 2015 blir det gitt tilskott på vel 300 millionar kroner til dette. I tillegg blir kommuneramma justert ned med 89 millionar kroner for å unngå dobbeltfinansiering ved oppbygging av tilbodet om aukeblikkeleg hjelp.

- Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta (KMF) avviklast. Uttrekket frå kommuneramma blir etter beste anslag for faktiske KMF-utgifter i 2015. Det vil seie det utgiftsnivået kommunane ville hatt til oppgåva ved uendra ansvar. På grunnlag av det blir kommuneramma redusert med om lag 5,7 milliardar kroner i 2015.

Toppfinansieringsordninga for resurskrevjande tenestemottakarar

I framlegget er det endringar i toppfinansieringsordninga for resurskrevjande tenestemottakarar. I tillegg til prisjustering, aukar innslagspunktet med 37.000 kroner. Nytt innslagspunkt er 1.080.000 kroner. Kompensasjonsgraden er uendra på 80 prosent.

Viktig å merke er at dette vil få konsekvensar allereie i for budsjettåret 2014 for kommunane. Det er fordi kommunane førar rekneskapen etter andre prinsipp enn staten.

Oppvekst – barnehage og skole

Som nemnt er 100 millionar kroner av veksten i frie inntekter grunna med auka fleksibilitet i barnehageopptaket. Regjeringa foreslår i tillegg fleire satsingar innan barnehage og skole:

- Regjeringa gjennomfører eit lærarløft ved å styrke satsinga på vidareutdanning for lærarar med 144 millionar kroner over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett i 2015. Styrkinga inneberer ei auking på 1.500 nye studieplassar til vidareutdanning.

- Styrka satsing på kompetanseheving for barnehagetilsette i 2015 ved å auke tilskottet til dette føremålet med om lag 60 millionar kroner over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett

- Endra sosial profil i barnehagen ved eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling. Dette sikrar at betalinga for ein heiltidsplass maksimalt skal utgjere 7 prosent av ein familie sin samla person- og kapitalinntekt. Endringa er føresatt at kan trå i kraft 1. august i 2015. Som kompensasjon for dette aukar rammetilskottet til kommunane med 111,6 millionar kroner.

- Maksimal foreldrebetaling i barnehagen aukar frå 1. januar i 2015 med reelt 100 kroner, til 2.580 kroner i månaden. Som følje av dette blir rammetilskottet til kommunane redusert med 312 millionar kroner.

- Ytterlegare 3 milliardar kroner av investeringsramma i rentekompensasjonsordninga for skole- og symjeanlegg blir fasa inn i 2015

 

Haustkonferansen 2015

Fylkesmannen og KS arrangerer konferanse om statsbudsjettet 2015 og om kommunereforma. Informasjon og påmelding til konferansen er på KS sin nettstad:

http://ks.event123.no/MRHaustkonf2014/