Statsbudsjettet 2014

Avtroppande regjering føreslår at primærkommunane får 4,3 milliardar kroner meir i frie inntekter samt nye tiltak innanfor barnehage, skule, helse og omsorg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2013

 

Utgangspunktet for statsbudsjettet 2014 og budsjettprosessen videre

Endringar i det økonomiske opplegget i 2013

Først om utgangspunktet ved inngangen til 2014.

Skatteanslaget for inneverande år er oppjustert med 1,8 milliardar kroner. 1,45 milliardar kroner av dette går til primærkommunane. Dette er å anse som en eingangsinntekt. I det ligger det at den ikkje blir vidareført neste år.

Det er ikkje grunn til å justere den kommunale deflatoren. Deflatoren er en indeks bygd opp av lønns- og prisvekst. I revidert nasjonalbudsjett var denne anslått til 3,0 pst.

På utgiftssida blir det endringar i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande brukara. Innslagspunktet blir auka frå 975 tusen kroner til 1,01 millionar kroner. Innslagspunktet er kommunenes eigendel før kompensasjonen starter. Kompensasjonen utover innslagspunktet blir redusert frå 80 pst til 77,5 pst. Endringane i toppfinansieringsordninga gjer at kommunane blir kompensert med 215 millionar kroner mindre enn om endringa ikkje blir gjort gjeldene.

Totalt sett er kommuneøkonomien styrka samanlikna med revidert nasjonalbudsjett frå mai i år.

Vidare prosess for statsbudsjettet med omsyn til ny regjering

  • Ny regjering legger fram forslag til endringar i Prop. 1 (truleg 8. november)
  • Stortingets finanskomité avgir innstilling om budsjettrammene seinast 20. november
  • Innstillinga handsamast 26. november
  • Fagkomitéane sine budsjettinnstillingar handsamast seinast 15. desember

 

Det økonomiske opplegget for 2014

Realvekst i inntektene på 7,7 mrd kr

Regjeringa føreslår å overføre 422 milliardar kroner til kommunesektoren i 2014. Det vil utgjere ein realvekst på om lag 7,7 milliardar kroner. Inntektsveksten er bygd opp som følgjer:

Vekst i frie inntekter på 5,2 milliardar kroner

Veksten i frie inntekter vil for kommunane utgjere 4,3 milliardar kroner. Dei frie inntektene til fylkeskommunane vil utgjøre 900 millionar kroner. Veksten i de frie inntektene går i utgangspunktet ikkje til nye/endra oppgåver som er politisk bestemt. Veksten i de frie inntektene kan gå til generell styrking av kommunane sin økonomi. Det er likevel ei rekkje utgifter som må dekkast via aukinga i frie inntekter. Departementet anslår utgiftsveksten som må dekkast av aukinga i de frie inntektene som følgjer:

Totalt sett ser det ut som om veksten i de frie inntektene ikkje er stor nok til å ta unna for anslått utgiftsøkning. Mellomlegget må kommunane finansiere gjennom omstilling og effektivisering.

 

Frie inntekter til nye oppgåver mv på 1 mrd kr

Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, skal kommunesektoren kompenserast eller trekkast i frie inntekter på grunnlag av pårekna endring i økonomisk belastning. Disse endringane haldast utanom veksten i frie inntekter nemnt over. I hovudsak er dette tiltak innan barnehage, skule og barnevern. Nokre større saker er (ikkje uttømmande):

Øyremerka tilskot på 1,2 mrd kr

Realveksten i øyremerka tilskot fordeler seg som følgjer:

Deflatoren

Pårekna pris- og lønnsvekst i statsbudsjettet 2014 er 3 pst. Løn, som tell knapt 2/3 av deflatoren, er anslått til 3,5 pst. Prisveksten, som utgjer den resterande delen av deflatoren, er anslått til om lag 2 pst.

 

Nye/endra tiltak innan oppvekst og utdanning

Barnehage

-          Maksimal foreldrebetaling i barnehagar, kostnad 246 millionar kroner; 81,5 millionar kroner er kompensasjon for heilårsvirkninga av nominell vidareføring av maksimalprisen i 2013. 163 millionar kroner er knytt til reel reduksjon i makspris frå hausten 2014. Maksimal foreldrebetaling i barnehage i 2014 kan etter dette vere 2 360 kroner per månad. Dette er ein reell reduksjon på 45 kroner.

-          Opptrapping av tilskotet til ikkje-kommunale barnehagar på 170 millionar kroner; heilårsvirkning av 2013-tiltak for opptrapping av minimumstilskotet frå 92 til 96 pst.

-          Opptrapping mot to barnehageopptak med kostnad 241 millionar kroner; gjennom å utvide retten til barnehageplass til å omfatte barn som fyller eitt år i september og oktober neste år. Forslaget sendast ut på høyring samtidig som statsbudsjettet blir lansert. Høringsnotatet presenterer ulike modellar for korleis ei opptrapping mot to barnehageopptak kan skje.

 

Skule

-          Valfag på 9. og 10. trinn med kostnad 164 millionar kroner; 96 millionar kroner er kompensasjon for heilårsvirkning av innføringa av valfag på 9. trinn i 2013. 68 millionar kroner er knytt til innføring av valfag på 10. trinn frå hausten 2014.

-          Innføring av 1,5 timer valfag på 10. trinn med 68 millionar kroner; ½ time er ny tid og 1 time er omfordeling av eksisterande timetal. 68 millionar kroner er halvårseffekt for tiltaksstart hausten 2014.

-          Kulturskuletilbod 1 time i skule/SFO med 106 millionar kroner; helårsvirkning av tiltaket som ble starta opp i 2013.

-          Rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg; det blir fasa inn ytterligare 1 milliard kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg.

 

 

Nye/endra tiltak innan helse og omsorg

-          Tilsyn med barn i fosterheim med kostnad på 15 millionar kroner; kommunanes rammetilskot føreslås styrka med 15 millionar kroner i 2015 som følgje av en endring i barnevernslova som inneberer at dagens ordning for tilsyn med barn i fosterheim erstattast med et profesjonalisert og tydeligare forankra tilsyn frå 15. juli 2014. Heilårseffekten er pårekna å vere 32 millionar kroner.

-          Øyremerka tilskotsordning til kommunalt barnevern, vidareførast og aukast med 85 millionar kroner, til 600 millionar kroner; som tidligare skal midlane i hovudsak gå til stillingar: 150 nye stillingar i 2014. Det kan også søkast om midlar til kompetanse- og samhandlingstiltak (bla. i tilknyting til interkommunalt samarbeid)

-          Auka kommunal eigendel for opphald i barnevernsinstitusjon; det føreslåast at den kommunale eigendelen for plassering av barn i barnevernsinstitusjon aukast med en tredjedel til om lag 50 000 kroner per månad frå 1. januar 2014. På årsbasis blir eigendelen om lag 600 000 kroner per barn. Denne eigendelen speiler i større grad den faktiske kostnaden ved institusjonsplassering. Målet med dette er å legge til rette for barnevernfaglege vurderingar i valet mellom ulike tiltak og betre samhandlinga mellom kommunalt og statlig barnevern. Kommunane kompenserast for økt eigendel ved en auking i rammetilskotet på 160 millionar kroner i 2014.

-          Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom med 96 millionar kroner; Det føreslåast oppretta ein ny nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom som har som mål å gi fleire fattige barn og unge muligheiter til å delta i ferie- og fritidsaktiviteter. Ordninga retter som mot alle landets kommunar og vil bli regulert i rundskriv.

-          Endringar i toppfinansieringsordninga; Reduksjon av kompensasjonsgraden frå 80 pst til 77,5 pst av utgiftene utover eigendelen. Eigendelen justerast frå 975 tusen kroner til 1,01 millionar kroner. Endringa medfører at den statlege refusjonen isolert sett reduserast med om lag 215 millionar kroner. Kommunane må være obs på at disse endringane får konsekvensar for budsjettet for 2013.

-          Augeblikkeleg hjelp døgntilbod; tilbodet byggast vidare ut i 2014. Frå 2016 får kommunane en lovpålagt plikt til å tilby augeblikkeleg hjelp døgnopphald. Kommunen søkker om tilskot frå Helsedirektoratet det året tilbodet startar opp. Tilskotet dekker halvparten av dei totale utgiftene til etablering og drift av tilbodet. Den andre halvparten tilføres kommunane direkte frå det regionale helseføretaket når tilbodet etablerast. 140 millionar kroner blir tildelt Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett og det same til dei regionale helseføretaka. 86 millionar kroner trekkast ut av rammetilskotet til kommunane fordi oppbygginga av døgntilbod augeblikkeleg hjelp avlastar kommunane sine utgifter til medfinansiering av spesialisthelsetenesta.

-          Helsestasjons- og skulehelsetenesta med virkning på 180 millionar kroner; til førebyggjande teneste for barn og unge under 20 år. Dei 180 millionar kronene inngår som ein del av veksten i kommunane sine frie inntekter, og føreslåast tildelt til kommunane basert på innbyggarane i alderen 0 til 19 år, men slik at alle kommunane får minst 100 000 kroner.

-          Omsorgsplan 2015; Det leggast opp til at det kan gis tilsagn til 2000 omsorgsplassar i 2014. Tilskotet reknast ut frå ein maksimal anleggskostnad som føreslåsat auka frå 2,8 millionar kr til 2,88 millionar kroner. Tilskotssatsen for sjukeheimsplassar er 40 pst av maksimal anleggskostnad. For omsorgsbustadar er satsen 30 pst.

Kontaktpersonar