Statsbudsjettet 2014 - Kommunevise tal

Kommunevise forskjellar i inntektsveksten, til tross for at inntektsveksten samla for kommunane er omtrent like stor som landsgjennomsnittet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2013

Inntektsveksten til kommunane blir fordelt gjennom kommunane sitt inntektssystem. Inntektssystemet syt for at dei statlege overføringane blir fordelt etter kommunane sitt pårekna utgiftsbehov, i følgje objektive kriterier. Til dømes får kommunane meir i statelege overføringar for ein person i grunnskulealder, enn for ein person i arbeidsalder. Det har samanheng med at ein gjennomsnittleg elev kostar kommunen meir enn ein gjennomsnittleg person i 40-åra fordi kommunen pliktar å gi undervisning til eleven. I tillegg er det ein rekkje andre faktorar som påvirkar kommunane sitt utgiftsbehov og inntektsgrunnlag. Vi vil kort sjå på og kommentere somme nøkkeltal som i stor grad påvirkar kommunane si inntekt.

Tabell under viser anslag på kommunane sine inntekter, og endringa frå 2013 til 2014.

 

Tabellen viser at den prosentvise inntektsveksten for kommunane i Møre og Romsdal samla (fylkesnivå) er omtrent lik landsgjennomsnittet. Det er likevel til dels store kommunevise skilnadar i inntektsveksten. I det følgjande ser vi på korleis endringa i skatteinngangen og endringane i aldersgruppene påvirkar veksten i dei frie inntektene.

Det er lagt til grunn at kommunane i Møre og Romsdal vil få høgare skatteinntekter i 2014 enn det var i statsbudsjettet for 2013, målt i prosent av landsgjennomsnittet. Til grunn for skatteinngangen i 2014 er det lagt til grunn siste kjente skattetal, altså frå 2012. Det gir kommunane grunn til å følgje med på den lokale skatteinngangen, og eventuelt korrigere skatteprognosa for 2014.

Tabellen under viser endringa i aldersgruppene fra 1. juli 2012 til 1. juli 2013. Det er dei tala som ligg til grunn for prognosa på rammetilskotet i statsbudsjettet.

Tabellen viser at folketalsveksten er sterkare i landet enn i kommunane i Møre og Romsdal samla. Det gjer at kommunane her i fylket vil få ein mindre del av inntektene, trass i at det er positiv vekst i folketalet.

Som nemnt innleiingsvis, får kommunane justert inntekta etter pårekna utgiftsbehov. Med unntak av aldersgruppane 0 til 1 år og over 89 år, har kommunane i Møre og Romsdal ein svakare vekst i dei ymse aldersgruppene. Aldersgruppa 6 til 15 år er klart mest vektlagt av aldersgruppane. I Møre og Romsdal har det vore ein nedgang i den aldersgruppa frå i fjor.

At det er svakare vekst i tenestetunge aldersgrupper gjer at det blir lågare statlege overføringar til kommunane i Møre og Romsdal. Det blir til ein viss grad motvirka av antatt sterkare vekst i den lokale skatteinngangen. Totalt sett blir veksten 0,1 prosent lågare for kommunane her i fylket enn landsgjennomsnittet.

Meir om inntektssystemet og korleis dei statlege overføringane blir fordelt på kommunane er på Kommunal- og regionaldepartementet sin nettstad om frie inntekter på nett 2014.

I margen til høgre er fylkesflaka for Møre og Romsdal. Dei inneheld fleire tal på kommunenivå.