Skjønsmidlar til kommunar etter Dagmar

Kommunane i Møre og Romsdal får til saman ca 14,8 millionar kroner i skjønsmidlar i samband med ekstremvêret Dagmar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.01.2013

Mange kommunar i Møre og Romsdal blei hardt råka av ekstremvêret Dagmar i romjula i 2011. Dei har fått store uventa utgifter på grunn av dette. Difor har dei fått ein kompensasjon knytt til dei akutte ekstrautgiftene til kommunal infrastruktur i samband med uveret.

Tidlegare har Kommunal- og regionaldepartementet betalt ut skjønsmidlar i kompensasjon til fylkeskommunane etter Dagmar. No får kommunane i dei hardt råka fylka også utbetalt kompensasjon. 

Praksis i saker der kommunar søkjer om skjønsmidlar i samband med naturskade, er at departementet dekkjer halvparten av utgiftene. Dersom kommunen eller fylkeskommunen har meirutgifter ut over 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekt halvparten, dekkjer departementet i tillegg det overskytande beløpet. Dei kommunane som blei hardast råka, får difor høgare kompensasjon enn andre.

Skjønsmidla blei utbetalte i desember 2012.

Sjå oversikt over kompensasjon til kvar kommune i linken til høgre.