Revidert nasjonalbudsjett 2016 og kommuneproposisjon 2017

På bakgrunn av revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2016 og kommuneproposisjonen 2017, gir vi ei kortfatta oversikt over dei viktigaste økonomiske momenta i kommuneopplegget for2016 og 2017, og nytt inntektssystem.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2016

Revidert nasjonalbudsjett 2016

Samanlikna med nasjonalbudsjettet for 2016 er det nokre endringar i RNB:

  • Førebelse tal på skatteinntektene for 2015 visar at desse vart 2,4 mrd. høgare enn det som vart lagt til grunn i statsbudsjettet for 2016. Skatteanslaget for 2016 er oppjustert med 0,7 mrd. kroner. Det reviderte skatteoverslaget inneber ein vekst på 6,4 % i høve rekneskapstal for 2015. I statsbudsjettet for 2016 var det rekna med ein skattevekst på 7,4 % i høve til overslag på skatteinngangen for 2015. Dei frie inntektene er derfor korrigert for differansen i skatteinntektene frå 2015 / 2016 på 1,7 mrd. kroner.
  • Anslag på lønnsvekst i 2016 er justert ned frå 2,7 til 2,4 prosent etter forventa lønnsoppgjer. Konsumprisindeksen er oppjustert frå 2,5 til 2,8 prosent. Samla sett  er anslaget på kostnadsveks - deflator - nedjustert med 0,1 prosent til 2,6 prosent. Dette utgjer samla ein auke i veksten i frie inntekter på 0,4 mrd. kroner. Realveksten i frie inntekter i 2016 for kommunesektoren vert etter dette 3,4 mrd. kroner,  noko som utgjer ca. 1 prosent.
  • Ny kommunal tiltakspakke til kommunar på Sør- og Vestlandet som har arbeidsløyse på 3,1 prosent eller meir. For fylket vårt utgjer dette til saman 23 793 000 kroner fordelt på kommunane nedanfor:
Kommune Fordeling av tiltakspakke Møre og Romsdal
Ålesund 2 600 000
Kristiansund 10 560 000
Sande 237 000
Herøy 3 299 000
Ulstein 2 296 000
Hareid 2 111 000
Stordal 35 000
Haram 486 000
Rauma 1 192 000
Nesset 160 000
Midsund 106 000
Fræna 711 000
  23 793 000

 

Kommuneproposisjonen 2017

Regjeringa signaliserar økonomiske rammer for neste års kommunebudsjett og kva endringar innbyggarane kan vente i tenestetilbodet frå kommunane.

I kommuneproposisjonen for 2017 signaliserer regjeringa kva for økonomiske rammer kommunane kan vente neste år og kva for endringar dei får i oppgåver

 

Det økonomiske opplegget for 2017

Frå revidert nasjonalbudsjett 2016 blir det lagt opp til ein realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter på mellom 3 ¼ og 4 mrd. kroner. Av dette vil mellom 3,45 og 3,7 mrd. kroner vere frie inntekter til kommunane, og 0,3 mrd. kroner til fylkeskommunane.

  • 300 mill. kroner av veksten er grunngjeve med ytterligare satsing på rustiltak.
  • Inntektsveksten må sjåast i samanheng med at utgiftene aukar som følgje av folketalsvekst og demografisk utvikling. Utrekningar frå Teknisk berekningsutval (TBU) tyder på at  kommunesektoren kan få meirutgifter i 2017 på om lag 2,5 mrd. kroner, og at om lag 2,1 mrd. kroner må finansierast innanfor dei frie midlane.
  • Anslag frå departementet tilseier og at pensjonskostnadene vil auke med 850 mill. kroner, grunna reduksjon i avkastning på pensjonsmidlane og auka amortiseringskostnader. Dette skal og dekkast innanfor dei frie midlane.
  • Basisramma for skjønnsmidlar vert sett til 1 191 mill. kroner, ein reduksjon med 100 mill. kroner frå 2016. Reduksjonen i basisramma til kommunane vert overført til innbyggjartilskotet. Fylkesmannen skal vidare holde tilbake 5 prosent av basisramma til naturskade og andre uføresette hendingar i kommunane, til slutten av året.

 

Veksttilskot

Veksttilskotet vert tildelt kommunar som har hatt ein gjennomsnittleg årleg folketalsvekst over 1,5 prosent i 2016. Sidan folketalsveksten har vore lågare dei siste åra vert vekstgrensa no sett til 1,4 prosent, slik at ein opprettheld tilskotet på dagens nivå.

Selskapsskatt

Innføring av ny modell for selskapsskatt frå 2017 vert utsett. Regjeringa vil komme tilbake til dette i kommuneproposisjonen for 2018.

Andre innlemmingar

Ansvaret for frivilleg sentralar skal frå 2017 overtakast av kommunane, og vil bli lagt inn i rammetilskotet.

 

Endringar i kostnadsnøklane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjennomgått alle delkostnadsnøklane i inntektssystemet for kommunane. Dagens kostnadsnøklar er oppdatert etter nye datagrunnlag. Fordelingsverknadene for kommunane etter gjennomgangen går fram i kolonne 1 i tabellen det blir vist til nedanfor.

 

Nytt inntektssystem for kommunane

Regjeringa la fram eit nytt inntektssystemet for kommunane på slutten av 2015. Det nye inntektssystemet vert sett i samanheng med kommunereforma, og skal vedtakast av Storinget i handsaminga av kommuneproposisjonen for 2017.

Sjå lenke til departementet sine sider og fylkesvise oversiktar:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/dep/kmd/pressemeldinger/2016/et-oppdatert-og-fornyet-inntektssystem-for-kommunene/virkninger-av-nytt-inntektssystem-for-kommunene-i-more-og-romsdal/id2500271/

Endelege tal for kommunane vil vere klare i statsbudsjettet for 2017, som vert framlagt

6. oktober 2016.

 

 

 

Kontaktpersonar