Kommuneproposisjonen 2014 og revidert nasjonalbudsjett 2013

Viktige punkter i framlegginga av kommuneproposisjonen for 2014 og revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.05.2013

Kommuneproposisjonen 2014

Inntektene

Regjeringa foreslår ein realvekst i kommunesektoren samlede inntekter i 2014 på mellom 6 og 6,5 milliardar kroner regna frå nivået i revidert nasjonalbudsjett i 2013. Veksten i frie inntekter vil vere mellom 5 og 5,5 milliardar kroner. Primærkommunane vil få vekst i dei frie inntektene på mellom 4 og 4,5 milliardar kroner. Det tilsvarar ein realvekst i dei frie inntektene på 1,6 til 1,8 prosent.

Demografi

Kostnadane knytt til utviklinga i demografien i kommunesektoren er anslått å auke med 2,8 milliardar kroner til 2014 som må dekkast gjennom veksten i dei frie inntektene. Kostnadane er knytt aukinga i folketalet og alderssamansetninga.

Pensjonskostnadar

Pensjonskostnadane har auka sterkt de seinare åra. Det er ikkje tilgjengelege prognosar for kor mykje pensjonskostnadane vil auke i 2014. Det vil først vere tilgjengeleg til hausten. Premienivået vil vere høgt i 2013 også som følgje av at Finanstilsynet har pålagt pensjonsordningane å ta høgde for auka levealder i pensjonssparinga. Det høge premienivået i 2013 bidrar til ein vekst i dei rekneskapsmessige pensjonskostnadane for 2014. Kostnadsveksten er mellom anna avhengig av innstramminga i berekningsføresetnadane for 2014.

 

Revidert nasjonalbudsjett 2013

Deflatoren

Deflatoren for inneverande år er justert ned som følgje av lågare lønsvekst enn føresett i statsbudsjettet i fjor haust. Lønsveksten er justert ned frå 4 prosent til 3,5 prosent. Det gir ein nedgang i deflatoren frå 3,3 prosent til 3,0 prosent. Nedjusteringa av deflatoren bidrar isolert sett til å trekke opp den reelle inntektsveksten med éin milliard kroner.

Skatteanslaget

Skatteanslaget for 2013 er uendra.

Auka minimumstilskot til ikkje-kommunale barnehager

I statsbudsjettet vart det føreslått å auke tilskotet frå 92 til 94 prosent av det dei kommunale barnehagane mottar i offentleg finansiering, med virkning frå 1. august 2013. No føreslåast det at

tilskotet aukas ytterlegare til 96 prosent frå 1. august i år. Rammetilskotet til kommunane aukas samstundes med 60 millionar kroner.

 

 

Einskilde saker

Samhandlingsreforma

Førebelse tal viser at utgiftene til kommunal medfinansiering blir om lag 5,1 milliardar kroner i 2012. Det er om lag 120 millionar kroner høgare enn det som er overført kommunane frå sjukehusa. Regjeringa legger ikkje opp til etterskuddsvis kompensasjon mellom anslåtte og faktiske utgifter til medfinansiering. Det er i tråd med gjeldane prinsipp for kompensasjon til kommunesektoren ved reformer og oppgåveendringar.

Folkehelsemeldinga

I 2014 skal 180 millionar kroner fordelast til helsestasjons- og skulehelsetenesta gjennom rammetilskotet og er innafor ramma for dei frie inntektene til kommunane på 4 til 4,5 milliardar kroner. Konkret opplegg for fordelinga skal skje i dialog med KS.

I revidert nasjonalbudsjett for 2013 er det føreslått å auke tilskota til frisklivssentralar med 14 millionar kroner. Vidare foreslåast det å auke bevillinga til KS i 2013 med 6 millionar kroner til å etablere eit folkehelsenettverk mellom kommunar.

Tilskot til utleigebustadar

Ramma aukast med 33 millionar kroner, til totalt 522 millionar kroner. Det varslast vidare i kommuneproposisjonen at regjeringa vil styrke ramma med ytterlegare 67 millionar kroner i 2014.

Busetting av flyktningar

Regjeringa vil i 2014 leggje inn ein realauking av integreringstilskotet på 250 millionar kroner.

Kontaktpersoner