KOSTRA-rapportering for 2016

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB innan 15. februar 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.01.2017

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB innan 15. februar 2017.

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2017. Frist for innrapportering av klientdata innan barnevern, sosialhjelp, introduksjonsstønad og kvalifiseringsstønad, helse- og omsorgstenester og helse- og omsorgsinstitusjonar, og IPLOS er sett til 15. januar 2017. Kommunar som ikkje har bestemte ordningar (slik som kvalifiseringsstønad og introduksjonsstønad), eller ikkje har mottakarar for sosialhjelp det aktuelle året, skal likevel sende inn KOSTRA-skjema for desse ordningane og krysse av på skjemaene at dei ikkje har nokon mottakarar. Dette for å unngå purring frå SSB, sjå SSB si innrapporteringsside.

Treng du assistanse i samband med innrapporteringa, har SSB ei eiga brukarteneste. Tenesta er bemanna i perioden 2. januar til 15. april. Spørsmål kan stillast til e-post: kostra-support@ssb.no. Treng du hjelp til utfylling av skjema, kan du ta kontakt med fylkesmannen. Oversikt over kontaktpersonar hos fylkesmannen i Møre og Romsdal finn du i oversikta på høgre side av denne teksten.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2016, KOSTRA-rapportering for 2016 SSB, som er sendt kommunane og IKS.

Kommunal- og regionaldepartementet har i brev frå 07.11.2016 orientert om enkelte endringar i rapporteringsforskrifta både for artar og funksjonar, sjå brev frå KRD her: Endringer i regnskapsrapporteringen - Kostra frå 2017.