KOSTRA-rapportering for 2013

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2014

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB innan 15. februar 2014.

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2014. Frist for innrapportering av klientdata innan barnevern, sosialhjelp, introduksjonsstønad og kvalifiseringsstønad, IPLOS og barnehagesatsar er sett til 15. januar 2014. For dei øvrige dataene er fristen 17. februar. Kommunar som ikkje har bestemte ordningar (slik som kvalifiseringsstønad og introduksjonsstønad), eller ikkje har mottakarar for sosialhjelp det aktuelle året, skal likevel sende inn Kostra-skjema for desse ordningane og krysse av på skjemaene at dei ikkje har nokon mottakarar. Dette for å unngå purring frå SSB. SSB si innrapporteringsside.

Treng du assistanse i samband med innrapporteringa, har SSB oppretta ei eiga brukarteneste. Tenesta er bemanna i perioden 2. januar til 15. april. Spørsmål kan stillast til e-post : kostra-support@ssb.no. Treng du hjelp til utfylling av skjema, kan du ta kontakt med fylkesmannen. Oversikt over kontaktpersonar hos fylkesmannen i Møre og Romsdal finn du i oversikta under relaterte dokument på høgre side.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2013, Kostra-rapportering for 2013 SSB, som er sendt kommunane og IKS. (Brevet finn ein litt nede på denne sida)

Kommunal- og regionaldepartementet har i brev av 29.10.2013 orientert om at det er føreteke enkelte endringar i rapporteringsforskrifta både for artar og funksjonar, sjå brev frå KRD her. Endringer i regnskapsrapporteringen - Kostra frå 2014