Kommuneøkonomi
Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.
Robek
Kommunar med meirforbruk som ikkje blir nedbetalt etter krava i kommunelova, blir registrert i "Register om betinget godkjenning og kontroll" (Robek). Fylkesmannen skal kontrollere budsjett og økonomiplanar i Robek-kommunar og godkjenne alle vedtak om lån og langsiktige leieavtalar.
Kommunale garantiar
Kommunane kan gi lånegarantiar. Når ein kommune garanterer for eit beløp som overstig 500 000 kroner, skal vedtaket godkjennast av Fylkesmannen.
Skjønnsmidlar
Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.
Interkommunale selskap
Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 60, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 949 85 544 -
Espen Julnes Lia
Tlf: 71 25 85 08