Fylkesløft (prosjektskjønn) tildeling 2021

Målet med Fylkesløft er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar i si verksemd. Prosjektets mål må vere å styrke kommunen sin rolle som tenesteprodusent, myndigheitsutøvar, lokaldemokratisk arena og samfunnsutviklar, slik at oppgåvene blir løyst betre.

Ein del av skjønnsramma bør gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. I Møre og Romsdal kallar vi prosjektskjønn for Fylkesløft.

Det kom inn 34 søknadar på til saman 31,7 millionar kronar. For 2021 blei det tildelt 11,45 millionar på Fylkesløft (prosjektskjønn).

Fylkesmannen sine vurderingar tar utgangspunkt i føringane og kriteria i vårt invitasjonsbrev av 24.03.2020. For 2021 har Fylkesløft fire satsingsområde:

  • Berekraftsfylket Møre og Romsdal
  • Klima og omstilling
  • Digital forvaltning, med vekt på brukarvennlege tenester og innhald
  • Ungt entreprenørskap

Prosjekta som har fått støtte ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.

Utbetaling av Fylkesløft (prosjektskjønn) skjer gjennom den statlege rammeoverføringa i januar 2021.

Fylkesmannen vil be kommunen om ei mellom- og sluttrapportering på prosjekta. Mellomrapporteringa vil bli gjort i slutten av juni i 2021 og sluttrapporteringa i slutten av januar i 2022.

Det blir sendt ut ein e-post til kontaktpersonen på prosjektet som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet der søknaden vart sendt inn (ISORD). Alle tildelingane er gitt med vilkår om deling av erfaringar og resultat med andre kommunar.

Retningslinene for skjønnstildelinga 2021 ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.