Tildeling prosjektskjønn 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har delt ut 4 904 000 kroner til prosjekter i kommunane.

I dag går det brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med tildeling av prosjektskjønn. Alle kommunane i fylket har blitt invitert til å søkje støtte til utviklings- og fornyingsprosjekt. Det har kome inn omlag 35 søknadar til ulike tiltak. Totalt var det søkt om over 49 millionar kroner. Tildelinga til prosjektskjønn er på 4 904 000 kroner.

Prosjekta som har fått støtte ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.

Midlane vert utbetalt tidleg i juni.

Vi vil be om ei mellom – og sluttrapportering på prosjekta. Mellomrapporteringa vil bli gjort i slutten av januar og sluttrapporteringa i slutten av august 2018. Det blir sendt ut ein e-post til kontaktpersonen på prosjektet som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet kor søknaden vart sendt inn (ISORD). Det er og viktig at det redegjerast for kva nytteverdi dette prosjektet kan ha for andre kommunar.