Prosjektskjønn 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer kommunane i fylket til å søke om støtte til innovasjons- og utviklingsarbeid.

Fornying og innovasjon i kommunesektoren

Storsamfunnet er tent med ein effektiv og kvalitativt god offentleg sektor. For kommunane vil det vere å skape attraktive, trygge og berekraftige lokalsamfunn der innbyggarane har gode vilkår gjennom alle fasane i livet. Innovasjon og fornying i kommunane vil alltid vere viktig i eit slikt perspektiv.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer kommunane i fylket til å søke om støtte til innovasjons – og utviklingsarbeid. 

Samarbeid mellom kommunane om prosjekt vil vere vektlagt i tildelinga av støtte til innovasjons-og utviklingsarbeid.

 

Satsingsområda for 2018 er følgjande:

 

1.  Digitalisering

Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forenkle og forbetre.

Det offentlege skal tilby nye og betre tenester, som er enkle å bruke, effektive og pålitelege. Digitalisering legg til rette for auka verdiskaping og innovasjon, og kan bidra til å auke produktiviteten i både privat og offentleg sektor.

Eit godt arbeid med å digitalisere offentleg sektor stiller krav om samarbeid og heilskap. Ein viktig føresetnad for dette er langsiktigheit og klare målsettingar. Mangel på samarbeid og samhandling mellom kommunar og statlege etatar, vil både kunne medføre vesentleg høgre kostnader med å gjennomføre digitalisering, men også redusere verdien av å ta i bruk nye digitale løysingar. St. melding 27 (2015-2016): Digital agenda – IKT for ein enklare kvardag og auka produktivitet.

Regjeringa sin innfallsvinkel er det reelle behovet til næringslivet og til offentleg sektor jf. produktivitet, omstilling og effektivisering. Regjeringas IKT politikk har 2 hovudmålsettingar:

  • Ei brukarretta og effektiv offentleg forvaltning
  • Verdiskaping og deltaking for alle

Omstilling/samhandling med nye løysingar

Omstilling/samhandling mellom dei ulike kommunale, fylkeskommunal og statlege aktørane er eit område det er mogeleg å hente ut store gevinstar, både for dei ulike aktørane og brukarane.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi har i fleire år vore eit prioritert område for prosjektskjønn. Det er gjennomført mange gode utviklingsprosjekt og læringsnettverk i kommunane, mellom anna i regi av utviklingssentera for heimetenester og sjukeheim. Det er likevel framleis eit stort potensiale for å utnytte teknologiske løysingar til beste for brukarar.

  

2.  Betre oppvekst

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har frå 2013 sett barn og unge på dagsorden gjennom ei tverrfagleg satsing. Satsinga er kalla «Betre oppvekst» og vår visjon for arbeidet er «betre oppvekst for alle barn og unge i Møre og Romsdal».

Fylkesmannen skal gjennom dette arbeide for å

  • Sikre barn og unge sin medverknad 
  • Betre det fysiske oppvekstmiljøet for barn og unge 
  • Betre det psykososiale oppvekstmiljøet for barn og unge 
  • Redusere negative konsekvensar av sosiale skilnader 

Satsinga har også som målsetting å stimulere kommunane i fylket til utviklingsarbeid i tråd med dei fire strategimåla definert over. I dette arbeidet ligg det både eit førebyggande perspektiv, men også et arbeid for å sikre at utsette barn og unge får hjelp mellom anna i krise-/akuttsituasjonar.              

Barnevernsvakt

Alle tenester i barnevernet skal vere forsvarlege. Dette inneber at alle kommunar må ha tilgjengeleg personell med barnevernfagleg kompetanse som kan hjelpe barn i krisesituasjonar også utanom vanleg kontortid. Det betyr at kommunane må ha ei formailisert ordning med barnevernsvakt på lik line med andre beredskapsordningar.

Kompetansen kan vere tilgjengeleg i kraft av ei bakvaktsordning  pr. telefon. Denne beredskapstenesta kan organiserast på ulike måtar og som eit samarbeid mellom fleire kommunar.  Det er mange ulike problemstillingar som må løysast  dersom kommunar går saman om dette.  Med eit grundig og godt planleggingsarbeid kan ordninga med barnevernsvakt gi barn som er i ein svært vanskeleg situasjon rett hjelp til rett tid av kompetente fagfolk, og kan styrke og gjere det øvrige barnevernet i kommunane meir effektivt.

Kartleggingar viser at det både er stor variasjon på korleis kommunane i Møre og Romsdal har organisert denne  og at tilbodet er mangelfullt i mange av tenestene.

Fylkesmannen ønsker å vere ein aktiv pådrivar  til at alle kommunar i Møre og Romsdal har ei formalisert ordning med barnevernsvakt i løpet av 2018.

Det er nokre få kommunar som allereie har etablert ei formalisert vaktordning, og andre kommunar er i gang med å etablere slike ordningar no. Vi vil oppfordre alle kommunar til å evaluere ordninga med sikte på å forbetre, event utvide barnevernsordninga dei har og for andre kommunar om å etablere ei formalisert barnevernsvakt av høg kvalitet.

På bakgrunn av søknader frå kommunane vil vi vurdere korleis Fylkesmannen kan støtte kommunane for å nå målet om å etablere barnevernsvakt i 2018.

Tidleg og koordinert innsats

Kartlegginga BarneByks viser at utfordringane som mange kommunar slit med er samhandling mellom dei ulike tenestene for å sikre ei god utvikling og innovasjon i arbeidet. Korleis kommunen legg opp til samhandling mellom tenestene og i samfunnet vil vere av stor betydning for å sikre barn og unges oppvekstvilkår.

Fylkesmannen vil derfor oppmode kommunane til å tenke ut prosjekt for heilskapleg samhandling for å kome på bana så tidleg som mogleg, for å hindre ei negativ utvikling eller sårbare omsorgssituasjonar for barn.

Vi legg til grunn eit utvida samarbeid mellom fleire etatar og sektorar som skule, barnehage, barnevern, skulehelseteneste, helsestasjon, helsestasjon for ungdom, helse og omsorgstenestene, sosiale tenester i NAV, psykisk helse- og rustenester, bustadkontor, frivillige organisasjonar osv.

Det vil og bli kravd dokumentasjon på at barn og unge er tatt med i utforming av prosjektet.

 

3. Planlegging som verktøy for samfunnsutvikling og samfunnsendring

Det viktig å ha eit heilskapleg fokus på samfunnsutviklinga for å ta omsyn til utfordringane vi står overfor knytt til klimaendringar, miljøutfordringar, urbanisering og endringar i folketal.

Ein god og strategisk samfunnsplanlegging tek vare på heilskapen på tvers av sektorar. Den kommunale planlegginga skal etter plan- og bygningslova samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga. Kommunal planlegging er i lys av dette eit viktig verktøy for utvikling og styring, både av kommunen som samfunn og kommunen som organisasjon. 

Strategisk plan- og utviklingsarbeid

Fylkesmannen har fleire roller og oppgåver innan planlegging etter plan- og bygningslova. Ei viktig oppgåve i planprosessar er å formidle nasjonal politikk innanfor viktige fagområde, der arealpolitikk og miljøvern, landbruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt.

Mange av dei politiske styringssignala frå regjeringa er samla og systematisert i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, vedtatt ved kongeleg resolusjon 12.06.2015. Forventningane er knytt til tre hovudtema:

  • Gode og effektive planprosessar
  • Berekraftig areal- og samfunnsutvikling
  • Attraktive og klimavennlege by- og tettstadområde

Kommuneplanen som styringsverktøy i kommunalt utviklings- og omstillingsarbeid er styrka; fleire kommunar har som et resultat av dette fått på plass oppdaterte kommuneplanar med samfunns- og arealdel. For Fylkesmannen er det viktig å støtte opp under arbeidet med å styrke det langsiktige, strategiske og tverrfaglege perspektivet i den kommunale planlegginga.

Kompetanse og kapasitet på planområdet varierer mykje kommunane i mellom, og utfordringane er gjerne størst i dei minste kommunane. Det er forventa at kunnskapsgrunnlaget i den kommunale planlegginga skal styrkast. Krav til oppdatert, relevant og aktuell kunnskap er ein viktig føresetnad i alt plan- og utviklingsarbeid. 

Samfunnstryggleik og beredskap

Regjeringa har dei siste åra auka fokuset på sivil/militært-samarbeid og totalforsvaret. Spesielt vert det fokusert på viktigheita av å tilpasse beredskapen til dagens trusselbilete, og å auke robustheita i samfunnets kritiske funksjonar og infrastrukturar. Kommunane har ein viktig rolle i totalforsvaret. Mellom anna gjennom å planlegge, bygge og drifte robuste samfunnskritiske funksjonar, og å ivareta innbyggarane i heile krisespekteret.

God samfunns- og arealplanlegging er grunnleggande for førebygging av uønskte hendingar. Dette krev at kommunane tek i bruk dei verkemiddel som er tilgjengelege gjennom lov og forskrift, og sikrar trygg areal- og samfunnsutvikling. Sivilbeskyttelseslova pålegg kommunane å følgje opp funn i kommunens heilskaplege ROS-analyse, og arbeide for å førebygge uønskte hendingar som kan ramme kommunane. Fylkesmannen meiner det i denne samanhengen er særleg viktig å ta høgde for eit klima i endring, og at kommunane følgjer opp hendingar som kan ramme kritiske funksjonar og infrastrukturar.

Fylkesmannen vil med bakgrunn i tiltak innanfor innovasjons – og utviklingsarbeid kunne gje kommunal støtte til satsingsområda nemnd ovanfor.

Fylkesmannen oppmodar om at kommunane samarbeider om prosjekt som er av ein viss storleik. Søknadar på prosjekt med ein total kostand på mindre enn kr. 500.000,- vert ikkje innvilga. For å sikre kommunal prioritering, er det eit krav om minst 50 prosent kommunal eigenfinansiering av prosjekta.

 

Søknadsprosedyre

Søknadar skal sendes gjennom «Integrerte søknads- og rapporteringsdatabasen» (ISORD). For å ta i bruk søknadsportalen må det opprettast brukarkonto for kvar søkarkommune.

For å logge på ISORD gå til denne sia: https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no

Her finn du meir informasjon om ISORD.

Vi gjer samstundes merksam på at disse søknadskriteriene fortsett gjeld:

  • Søknaden må kvalitetssikrast og sendes inn av rådmann eller ordførar
  • Søknadsbeløpet er av vesentlig karakter ( total kostand > 500 000 kr)
  • Forholdet/tiltaket har kommunal eigenfinansieringen (skjønnsmidlane kan dekke opp til 50 pst av totalkostanden).

 Søknadsfrist for 2018 er 16. mars.