Prosjektskjønn 2018 - tildeling
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 fått in 57 søknader om prosjektmidlar på til saman 52,87 millionar kroner. I alt var det tildelt midlar for 8,75 millionar kroner fordelt på 16 ulike prosjekt.
Fylkesmannen sine vurderingar tar utgangspunkt i dei føringane og kriteria som vart omtalt i vårt invitasjonsbrev, datert 18.01.2018.
I år gjekk om lag halvparten av samla tildeling med til å etablere barnevernsvakt i alle kommunar i Møre og Romsdal.
Prosjekta som har fått støtte ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.
Midlane vert utbetalt tidleg i juni.
Vi vil be om ei mellom- og sluttrapportering på prosjekta. Mellomrapporteringa vil bli gjort i slutten av januar og sluttrapporteringa i slutten av august 2018. Det blir sendt ut ein e-post til kontaktpersonen på prosjektet som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet kor søknaden vart sendt inn (ISORD). Det er og viktig at det redegjerast for kva nytteverdi dette prosjektet kan ha for andre kommunar.
Kontaktpersonar
-
Espen Julnes Lia
Tlf: 71 25 85 08 -
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 949 85 544