Prosjektskjønn 2017

Storsamfunnet er tent med ein effektiv og kvalitativt god offentlig sektor. For kommunane vil det vere å skape attraktive, trygge og berekraftige lokalsamfunn der innbyggarane har gode vilkår gjennom alle fasane i livet. Innovasjon og fornying i kommunane vil alltid vere viktig i eit slikt perspektiv.

Fylkesmannen stimulerer kvart år til innovasjonsarbeid i kommunane. Eksempel på slikt arbeid er utvikling av nye modellar eller arbeidsmetodar, pilotprosjekt eller andre prosjekt som går ut på nybrottsarbeid. Vi ønskjer å legge til rette for at kommunane får gjennomført gode prosjekt og gode arenaer for erfarings- og kunnskapsutveksling.

«Ny kommune 2020»

Vårt satsingsområde for 2017 er «Ny kommune 2020». «Ny kommune 2020» handlar ikkje berre om dei nye kommunane våre, men også om dei som står aleine. Men for å få mest mogleg ut av midlane, så vil berre kommunar som går saman om prosjekt bli prioritert. Fylkesmannen ønskjer at fleire kommunar går saman om prosjekt. Innanfor «Ny kommune 2020» er det fleire satsingar som alle er nemnt nedanfor:

  • Digitalisering
  • Klima- og miljøutfordringar
  • Integrering av flyktningar
  • Betre Oppvekst

Søknadsprosedyre

Søknader skal sendast gjennom ISORD (Integrert søknads- og rapporteringsdatabase). For å ta i bruk søknadsportalen må det opprettast brukarkonto for kvar søkarkommune. For å logge på ISORD gå til denne sida: https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no

Meir informasjon om ISORD ligg under relaterte dokument i høgre marg.

Vi gjer samstundes merksam på at disse søknadskriteriene fortsatt gjeld:

  • Søknaden må kvalitetssikrast og sendes inn av rådmann eller ordførar
  • Søknadsbeløpet er av vesentleg karakter (total kostnad > 200 000 kr)
  • Forholdet/tiltaket har kommunal eigenfinansiering (skjønnsmidlane kan dekke opp til 50 pst av den totale kostnaden).

Søknadsfristen for 2017 er 17. mars.