Prosjektskjønn 2015 - Rapportering

Somme prosjekt som fikk støtte av fylkesmannen i 2015 er no i sluttfasen eller er allereie avslutta, medan andre prosjekt går over enda fleire år. Vi ønskjer sluttrapportering frå prosjekta som vert avslutta i år (og delrapportering frå dei prosjekta som går over fleire år).

Vi ønskjer at erfaringane og kunnskapen som prosjekta har generert blir ivareteken, og at dei lettare kan overførast til andre kommunar.

Vi ønskjer at rapporten inneheld følgjande:

  • Kort om prosjektet: Eit samandrag av prosjektet.
  • Mål: Kva prosjektet skulle sjå nærare på.
  • Tidsplan: Framdriftsplan eller milepælsplan
  • Organisering: Korleis vart det arbeida i prosjektet.
  • Økonomi – rekneskap: Korleis prosjektet har blitt finansiert og kva ressursane har blitt brukt til.
  • Resultat / erfaringar: Kva måloppnåing hadde prosjektet, kva kan erfaringane nyttast til og eventuelle kritiske suksessfaktorar eller moglege forbetringspunkt.
  • Problem / utfordringar:
  • Konklusjon og evaluering: Var prosjektet vellukka? Kva er årsakene til konklusjonen? Sett i ettertid, kva kunne vert gjort annleis eller betre? Kva er vegen vidare innanfor tema/målet?

Vi har laga eit rapporteringsskjema som ligg til høgre i margen under relaterte dokument.  

Vi ber om rapportering innan 31. august i år. Skjemaet kan gjerne sendast elektronisk til postmottak@fmmr.no med referansen vår 2015/439 med merknad « Rapportering prosjektskjønn 2015».

Prosjekt vi har gitt støtte til blir avslutta til ulike tidspunkt. Prosjekta som blir avslutta på eit seinare tidspunkt enn 31. august kan få utsett frist. Gi i så fall tilbakemelding på når prosjektet er venta ferdig og om når rapporten blir sendt til oss.

Oversikt over prosjekta som fekk støtte i 2015 ligg under relaterte dokument til høgre.