Prosjektskjønn 2013

Vi ønskjer å invitere kommunane til å søkje om prosjektskjønn. Søknadsfrist 1. april.

Omstilling og fornying er ein viktig del av den kommunale verksemda. Fylkesmannen ønskjer å støtte kommunale utviklingsprosjekt gjennom skjønnsmidlane. I dag går det ut brev frå oss der vi inviterer kommunane til å søkje om støtte til prosjekt i 2013.

Gjennom prosjektskjønnet kan prosjekt som er av reell utviklingskarakter få tilskot. Døme på slike prosjekt kan gå ut på utprøving av nye modellar, utvikling av nye arbeidsmetoder, pilotprosjekt eller andre prosjekt som går ut på nybrotsarbeid.

I 2013 vil det vere spesielt interessant med prosjekt innan følgjande områder:

  • Barn og unge
  • Spesialundervisning og læringsmiljø
  • Velferdsteknologi innan omsorgstenesta
  • Samfunnstryggleik og beredskap
  • Miljøvern - Fremmande planteartar

Interesserte søkjerar må sette seg inn i kriterier og prosedyre for søknad slik det går fram av vedlagte brev. Om kommunen ønskjer å nytte ein kladd til internt bruk før innsending, kan vedlagte mal nyttast.

Linken til søknadsskjemaet er https://eskjema.fylkesmannen.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=547

Vi oppmoder også søkjarane til å sjå på oversikta over prosjekt som har fått støtte tidlegare for å lære av dei.