Kommunal styring

Fylkesmannen skal kontrollere og rettleie kommunane om rettsreglar som gjeld kommunale organ. Dette gjeld både generelle og spesifikke juridiske problemstillingar og spørsmål knytte til økonomireglane. Fylkesmannen skal dessutan formidle signal frå departementa til kommunane. 


21.06.2019

Ålesund kommune er ute av Robek

Fylkesmannen har i dag sendt brev til kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Ålesund kommune skal meldast ut av Robek. Robek står for Register for betinga godkjenning og kontroll og er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

29.05.2019

Oversending av innbyggarinitiativ

Fylkesmannen i Møre og Romdal sendte i dag over innbyggarinitativet frå Åheim i Vanylven kommune til KMD.

29.05.2019

Fylkesmannen si tilråding oversendt KMD

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sendte i dag utgreiing og tilråding i grensejusteringssaka for Vågstranda i Rauma kommune til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

15.05.2019

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneproposisjon 2020

Fylkesmannen visar til Prop. 113 S ( 2018-2019), Kommuneproposisjon 2020. lagt fram 14. mai 2019. Her følger ei kortfatta oversikt over dei viktigaste momenta i det økonomiske opplegget for kommunane for 2019 og 2020.

07.05.2019

Statsetatsmøte 2019

11. april 2019 var leiarane i regional stat samla til felles møte på Innlandet i Kristiansund.

24.04.2019

Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune

Fylkesmannen har i dag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune.

25.03.2019

Faktagrunnlag i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes

Ein viktig del av saksførebuinga i grensejusteringssaka mellom kommunane Rauma og Vestnes er å innhente faktagrunnlag i saka. Fylkesmannen har i samband med dette utarbeidd ei sjekkliste for innhenting av faktagrunnlag ved grensejustering.

22.03.2019

Skjønnsmidlar og prosjektskjønn 2020

Fylkesmannen har i dag sendt brev til kommunane om innspel til skjønnsmidlane for 2020. Skjønnstildelinga for Møre og Romsdal er delt inn i to hovudkategoriar; skjønnsmidlar og prosjektskjønn til fornying- og innovasjonsprosjekt.

18.03.2019

Forventningsbrev 2019

På Nyttårskonferansen i januar informerte kst. fylkesmann Rigmor Brøste om viktige styringssignal og oppdrag frå nasjonale myndigheiter i 2019. I samband med dette  orienterte ho også om at embetet frå og med i år vil sende ut årlege forventningsbrev til kommunane.

18.03.2019

Innbyggarhøyring om grensejustering mellom Rauma og Vestnes

I samband med utgreiinga i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes, vil Opinion på vegne av Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomføre ei innbyggarhøyring i grunnkretsane Hjelvik og Våge i tidsrommet 1.-12. april 2019.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel