Vard Søviknes - søknad om mudring og utfylling


Høyringsfrist 05. april 2019 23:59

Vard Group AS, avd. Søviknes søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø i Haram kommune.

Dei ynskjer å mudre utanfor verftet i Søvik for å auke djupna ved Kai 1. Om lag 2 100 m3 massar skal mudrast over eit areal på om lag 6 800 m2. Det vil også verte behov for sprenging.

Lausmassene skal disponerast etter forureiningsgraden. Sprengd fjell skal nyttast til utfylling i sjø ved Vard sin eigedom på Terøya.

Dei ynskjer å utføra tiltaka våren 2019.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til søknaden må sendast til Fylkesmannen innan 5. april 2019.

Kontaktpersonar

Dokument