Leve heile livet

I mai 2018 kom kvalitetsreforma “Leve hele livet” som har fokus på å skape eit meir aldersvenleg Norge. Tidlegare reformer har ofte handla om system. Leve heile livet handlar om menneske. Med denne kvalitetsreforma er målet å få ei meir gjennomgåande og lik helseteneste, uavhengig av kva kommune ein bur i.

Reforma har fem innsatsområde:

  1. Eit aldersvenleg Norge
  2. Aktivitet og fellesskap
  3. Mat og måltid
  4. Helsehjelp
  5. Samanheng og overgang i tenestene

12.09.2019

Vinnar av Omsorgsprisen 2019

Omsorgsprisen 2019 blei delt ut på Fylkesmannens omsorgskonferanse 10.september til Smøla kommune for sitt arbeid med etablering av virtuell avdeling. Prisen blei delt ut av fylkesmann Rigmor Brøste.

02.07.2019

Omsorgskonferansen 2019 - Leve hele livet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til den årlege Omsorgskonferansen, den 10.-11. september på Scandic Parken hotell i Ålesund.


Kontaktpersonar

Dialogmøte med kommunane

I løpet av januar og februar 2019, gjennomførte Fylkesmannen i Møre og Romsdal dialogmøte med alle kommunane i høve kvalitetsreforma for eldre.

Målgruppa: 
ordførarar, rådmenn, planansvarlege, kommunalsjefar, eldrerådsrepresentant, folkehelsekoordinator og frivilligsentralar.

16. jan. Ålesund, Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog, Giske, Sula
30. jan. Ulstein, Herøy, Hareid, Sande, Ørsta, Volda, Vanylven
31. jan. Stranda, Sykkylven, Norddal, Stordal
7. febr. Surnadal, Sunndal, Smøla, Aure, Halsa
8. febr. Kristiansund, Tingvoll, Gjemnes, Averøy
12. febr. Molde, Eide, Fræna, Nesset, Midsund, Rauma, Vestnes, Aukra