Rettleiar for gjennomføring av smitteverntiltak overfor pasientar og brukarar

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiar som gjer greie for rettsgrunnlaga for gjennomføring av ulike tiltak overfor personar med og utan samtykkekompetanse i helse- og omsorgstenesta.

Kommunar kan møte utfordringar knytt til gjennomføring av pålagte smitteverntiltak, særleg forskriftbestemt karantene og isolasjon. Dette kan gjelde personar med nedsett kognitiv funksjon, av desse personar med demens og personar med utviklingshemming i sjukeheimar, omsorgsbustader og bufellesskap.

 

Innhaldet i rettleiaren er:

  • matrise som viser rettsgrunnlaget for ulike tiltak overfor personar med eller uten samtykkekompetanse
  • forklaring til personkategoriane
  • forklaring til tiltakskategoriane
  • utdjuping av rettsgrunnlaga
  • lenker til nyttig informasjon

Her kan du lese rettleiaren og vedlegg til rettleiaren.