Psykisk sjuke får no bestemme meir

Frå 1. september er krava til grunngjeving av vedtak om tvangsmedisinering skjerpa.

Behandling med antipsykotisk medisin skal som hovudregel skje etter samtykke frå pasienten. For at ein pasient mot sin vilje skal få slik behandling, må det no vere klart at pasienten manglar samtykkekompetanse. Det betyr at pasienten openbart ikkje er i stand til å ta avgjersler om dei ønskjer behandlinga. Dette gjeld ikkje om det er nærliggjande og alvorleg fare for pasienten sitt liv eller andre sitt liv eller helse. 

Om pasienten er samtykkekompetent og mellom anna har evne til å forstå og ta innover seg informasjon, evne til å resonnere og til å ta val, må gå fram av vedtaket.

Tvangsbruken skal evaluerast saman med pasienten. Det er presisert i lova at føremålet er å førebygge og avgrense bruk av tvang, og at tvang uansett må vere forsvarleg og i samsvar med menneskerettane.

Lovendringa inneber òg at pasienten som hovudregel må vere til observasjon i minst fem døgn før tvangsmedisinering er lovleg.

Helsetenesta skal vurdere å tilby andre frivillige tiltak i staden for tvangsmedisinering med mindre det er openbart umogleg

 

Bistand frå advokat

Ordninga med fritt rettsråd, altså bistand frå advokat blei allereie den 1. juli i år utvida til òg å gjelde ved tvangsmedisinering. Pasienten kan få inntil fem timar med fritt rettsråd. Ordninga gjeld for pasientar som vil klage, ikkje for pårørande. Pasientar som ikkje allereie har advokat, kan få hjelp frå kontrollkommisjonen til å finne advokat som arbeider på dette området. 

Utfyllande informasjon på heimesida til Helsedirektoratet