Ivaretaking av personar med psykisk helse og rusutfordringar i koronatider

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiing for korleis kommunen best kan ta vare på dei.

Personar med alvorleg psykisk liding og rusliding blir rekna som høgrisikogrupper med tanke på smitte på grunn av eigen tilstand. Dei kan også utgjere ei auka fare for å smitte andre.

Det kan få store konsekvensar for denne gruppa og for samfunnet dersom alminnelege tilbod blir stengde. Personar med mindre alvorlege psykiske- eller ruslidingar kan oppleve auka symptomtrykk i denne perioden.

Du finn rettleiing på nettsida til Helsedirektoratet.

Tema i rettleiaren er:

  • auka merksemd ved utskriving eller mangel på tilbod
  • oversikt over pasientgruppa, vurderer risiko og prioritert og utarbeide plan
  • halde oppe heimeteneste og lågterskeltilbod
  • tilgang på brukarutstyr
  • busituasjon