Fleire psykologar i kommunane

Tilskotordninga med mål om å tilsette fleire psykologar i kommunane er no lyst ut for 2018.

Rekruttering av fleire psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er ei av regjeringa sine satsingar for å styrke kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet. Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auke rekrutteringa og gjere psykologkompetanse tilgjengeleg over heile landet om lovkravet vert innført fra 2020.

Søknadsfrist 1. februar 2018