Tilskot til kommunalt rusarbeid

Tilskot til kommunalt rusarbeid har som mål å gi auka og varig vekst i kapasiteten i kommunen sine tenester til menneske med rusmiddelrelaterte problem. Dei skal sikrast et heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

I tillegg til kapasitetsvekst er det eit prioritert mål for regjeringa å styrke brukar- og pårørandeperspektivet i tenestene.  

Tilsotet skal understøtte måla i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016 -2020). Ordninga for tilskotet har i år fått ny innretning, og det vert lagt til rette for ein meir systematisk kapasitetsbygging enn tidlegare. Dette inneber at kommunane kan motta tilskot i ei tidsavgrensa periode på inntil fire år med ein årleg reduksjon av beløpet. Samtidig er det krav om forankring av tiltak/stilling(ar) i kommunale planverk og budsjett. Kommunane får kompensert for tidsavgrensinga og reduksjonen av midlar i rammetilskotet i planperioden for Opptrappingslan for rusfeltet.

 

Denne endringa er i tråd med Primærhelsemeldinga sitt fokus på teambaserte løysingar og varige ordinære tilbod og tenester, framfor prosjektbaserte tiltak.

Ordninga må sjåast i samanheng med andre sentrale tilskotsordningar frå Helsedirektoratet innan rus og psykisk helsefeltet, tilskot frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og Husbanken sine verkemiddel.

 

Søknad sendas til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Søknadsfrist 1. mars.