Tilskot til rekruttering av «Psykologer i de kommunale helse – og omsorgstjenestene» for 2017

I 2020 blir det lovkrav om psykologkompetanse i kommunane. Tilskotsordninga er
meint som eit bidrag for å hjelpe kommunane i rekrutteringa av psykologar før lovkravet
blir innført.

Målet er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilskaplege og tverrfaglege kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.

Tilskotet er i 2017 auka til kr 400 000  pr 100 % psykologstilling.

Kommunar som tidlegare ikkje har søkt eller teke imot tilskot til føremålet skal prioriterast

Søknadsfrist 1. mars 2017