Pasient eller arbeidstakar? Både òg?

Molde IPS er ein av åtte pilotar i Norge som jobbar med Individuell jobbstøtte; IPS (Individual Placement and Support) – eit målretta samarbeid som forpliktar.

Behandlingsteam ved Knausen DPS med jobbspesialistar frå NAV Molde har fokus på at pasientar med psykiske lidingar, som ønsker det, skal få høve til å komme i ordinært arbeid. Det finst god dokumentasjon internasjonalt på at ei tilnærming med individuell jobbstøtte (IPS) medverkar til høgare deltaking i arbeidslivet, noko som gir betre helse og meir trivsel for den enkelte. Molde IPS er ein av åtte pilotar i Norge som prøver ut denne modellen for samhandling. 

No inviterar ei samarbeidsgruppe frå Helse Møre og Romsdal, NAV Møre og Romsdal, NAV Molde,  Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Mental Helse Møre og Romsdal til ein dagskonferanse i Molde onsdag den 7. desember ved Hotell Scandic Seilet, med erfaringar knytt til tema.