Ein aktiv og meiningsfylt kvardag for alle

Det var temaet på nettverkssamlinga i Geiranger, der nærare 180 personar som
arbeider innanfor psykisk helse- og rusfeltet i Møre og Romsdal, var samla 24.-26. mai.

Bakgrunnen for nettverkssamlinga var mellom anna SINTEF-rapporten «kommunalt psykisk helse- og rusarbeid 2015. Årsverk, kompetanse og innhald i tenestene»

Rapporten slår fast at kommunane slit med å gje eit godt tilbod til dei med alvorlege psykiske helseplagar. Tal frå BrukerPlan-kartlegging i 2015 i Møre og Romsdal, syner det same. 15 av 36 kommunar i fylket har gjennomførd kartlegginga. Den viser at over 60% av dei registrerte brukarane som slit med rus eller psykisk helseutfordringar, ikkje har tilfredsstillande lønna arbeid eller meiningsfull aktivitet.

Regjering la i 2015fram ein opptrappingsplan for rusfeltet. På bakgrunn av funn knytt til rapportering om lavt aktivitetsnivå i denne gruppa, er ei av dei fem målsettingane i opptrappingsplanen: «Alle skal ha en aktiv og meningsfylt tilværelse.» Departementet var til stades og la fram Opptrappingsplanen som er for perioden 2015-2020.

Behovet for aktivitet, arbeid og meiningsfylt kvardag, gjeld også dei som kjem som flyktningar. Derfor var dei kommunale flyktningekoordinatorane spesielt invitert til denne samlinga.

Konferansen vart arrangert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i samarbeid med kompetansesenter for rusfeltet (KoRus Midt-Norge) og Nasjonalt senter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Programmet var innhaldsrikt og deltakarane fekk mellom anna høyre:

  • Angelica Kjos snakka om musikk som terapi, akkompagnert av Peder James på gitar.
  • Jan Ivar Ekberg, A-larm og Helle Jamtvedt Bruun, presenterte arbeids- og aktivitetstiltaket "Arbeid for alle – likemannsarbeid i Søgne kommune".
  • Marie Smith Solbakken frå Universitetet i Stavanger snakka om korleis vi ser på rusbrukarar? Kan ein sjå på deira erfaringar i rusmiljøet som ferdigheiter eller ressursar? "Talent eller Klient".
  • Hans-Jørgen Wallin Weihe frå Høgskolen i Lillehammer snakka om avhengigheit av spel, gaming, og gambling.
  • Elisabeth Franzen frå Bergen kommune delte erfaringar frå implementering av Housing First i Bergen.
  • Sandro Moe Malgavis frå Helsedepartementet orienterte om «Opptrappingsplanen rusfeltet 2016-2020».
  • Einar Øverenget frå Høyskolen i Hedmark/Activa Humanistiske Akademi AS filosoferte over menneskesyn, etikk og rus.
  • Annett Haukenes, Lise Pedersen og Catrine Hellstrøm ved NAV Kristiansund snakka om kvalifiseringsprogram og familieplan som verkemiddel i arbeidet med utsette barnefamiliar.
  • Kristine Heggvik og Frode Hatlelid, NAV Ålesund/Borgund vidaregåande skole orienterte om NAV i skolen.
  • Lill Andersen og Lone Bentzen, fortalde om FIRE-stiftelsen i eit folkehelseperspektiv.
  • Vigdis Thoresen frå Ålesund kommune orienterte om integrering av flyktningar.

Med andre ord – deltakarane fekk presentert eit variert og breitt fagleg innhald, med gode døme på tiltak. I tillegg hadde vi Møteplassen , eit fast innslag på desse nettverksamlingane. Der møtes spesialisthelsetenesta og kommunane i grupper til faglege diskusjonar, for å betre samhandlinga til beste for pasientar og brukarar.

Vi vonar konferansen er med på å spreie nye ringar i vatn.