Psykisk helse og rus

Oppdatert 26.02.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir


Publisert 20.02.2024

Tilskotsordning for behandling og rehabilitering retta mot arbeid og utdanning

Helsedirektoratet har lyst ut ei tilkotssordning der målet er å inkludere arbeidsdeltaking som eit ledd i utgreiing og behandling av personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem.Tilskotet bidrar til at pasientar som ønskjer deltaking i arbeidslivet kan nyttiggjer seg arbeidsevna si, komma i ordinært lønt arbeid og behalda tilknytinga til arbeidslivet.


Publisert 07.02.2024, Sist endra 07.02.2024

Tilskotsordning til arbeid med pårørande

Helsedirektoratet har no lyst ut tilskot til heilskapleg støtte til pårørande med krevjande omsorgsoppgåver. 

 


Publisert 29.01.2024

Rådgjevande eining for russaker

Helsedirektoratet har samla informasjon og rettleiing om rådgjevande eining for russaker på ei nettside.


Publisert 08.12.2023

Retten til eit anstendig liv

For å heve levealderen hos personar med rus- og psykiske helseutfordringar har kommunane Averøy, Aukra, Surnadal og Sunndal utvikla tiltak gjennom prosjektet MUST, som står for «Muligheter og Utfordringer i Samarbeid på Tvers».


Publisert 14.11.2023

Rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge

Rettleiaren skal gi anbefalingar om korleis oppnå eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling.


Publisert 21.06.2023

Ny opptrappingsplan for psykisk helse (2023-2033)

Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023 – 2033) skal bidra til at fleire får oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at sosiale forskjellar i psykisk helse vert redusert. 


Publisert 13.06.2023

Beredskap: Sosial kontroll og æresrelatert vald

Alle barn og unge har rett til å bli beskytta mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Offentlege tenester og skoler har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Dei plikter å hjelpe barn og unge som er utsett.


Publisert 23.06.2021

Gjennomført opptrappingsplan for rusfeltet

Regjeringa sin opptrappingsplan har gjort at kommunane sin kapasitet og kompetanse på rusfeltet har auka. Utviklingsarbeidet innan rusfeltet har og vorte styrka.


Publisert 15.11.2016

Forskrift om rettar og tvang i rusinstitusjon

1. november 2016 kom det ny forskrift om rettar og bruk av tvang ved opphald i institusjon for behandling, omsorg og rehabilitering av personar med rusmiddelproblem.