Sandøytunet og Ålesund kommune vinner Omsorgsprisen 2020

Sandøytunet i Ålesund får Omsorsprisen 2020. Foto: Peder Otto Dybvik og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Sandøytunet i Ålesund får Omsorsprisen 2020. Foto: Peder Otto Dybvik og Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kjøkken og matfagleg kompetanse ved Sandøytunet i Ålesund kommune ble i dag tildelt Fylkesmannens omsorgspris i 2020. 

Kvalitetsreforma for eldre «Leve heile livet», er også ei reform for større matglede. Ei av utfordringane som blir teke fram i stortingsmeldinga, er lang avstand mellom produksjon og servering. Lokalt kjøkken og matfagleg kompetanse er foreslått som tiltak for å møte desse utfordringane.

Lokal matfagleg kompetanse
– Dette har Ålesund kommune prioritert ved Sandøytunet. Her er lokalt kjøkken, som gjer at det er kort veg mellom produksjon og servering av maten. Mat og måltid har stort fokus og er eit prioritert område, fortel assisterande fylkesmann, Berit Brendskag Lied. Ho delte ut prisen til kommunen og Sandøytunet i dag.

Sandøytunet har både dagaktivitetssenter, bufellesskap og korttidsavdeling i sjukeheim.  

– Kjøkkenet ved Sandøytunet har matfagleg kompetanse. Her er alle faglærde innan institusjons- og restaurantkjøkken, med breidde i erfaring, seier Brendskag Lied.

I diploma heiter det at: Det blir servert heimebakst, tradisjonsmat og nye rettar frå ulike delar av verda. Presentasjon av maten stimulerer til matglede for både store og små, og har betyding for matlysta.

Kvalitet og variasjon
Juryen argumenterer med at årets prisvinnar har fokus på brukaropplevingar, på matkvalitet og variasjon. Dei vektlegg at kjøkkenet på Sandøytunet tilbyr mat som lågterskeltilbod for heimebuande, som eit godt førebyggande tiltak. Kjøkkenet leverer også middag til dagaktivitetssenter for personar med demens, og til bufellesskap, institusjon, skulekantine og barnehage. I tillegg leverer kjøkkenet lunsj, middag, kaffi og kake på Nærmiljøkaféen måndag – torsdag på Sandøytunet.

– I tillegg til mat og måltid, innbyr kjøkkenets arbeid til sosialt fellesskap, som igjen kan bidra i førebygging av einsemd, seier Bredskag Lied.

Fakta om Omsorgsprisen

Fylkesmannen sin Omsorgspris er delt ut kvart år frå 2007. Prisen er no knytt til Omsorg 2020 og kvalitetsreforma for eldre « Leve hele livet». Den tildelast årleg.

Omsorgsprisen går til ein kommune eller ei kommunal tenesteeining for eit spesielt arbeid eller tiltak som legg til rette for meir berekraftige tenester i framtida. Det kan vere gjennom tiltak retta mot aldersvenleg lokalsamfunn, førebygging og betre kvalitet i tenestene.

Omsorgsprisen 2020 består av eit kunstverk av Gunn Nordheim Morstøl og ein gåvesjekk på femten tusen kroner.