Vinnar av Omsorgsprisen 2019

Omsorgspris
Omsorgspris (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Omsorgsprisen 2019 blei delt ut på Fylkesmannens omsorgskonferanse 10.september til Smøla kommune for sitt arbeid med etablering av virtuell avdeling. Prisen blei delt ut av fylkesmann Rigmor Brøste.

Prisen består av eit kunstverk av kunstnaren Gunn Nordheim Morstøl og eit gåvebrev på kr 15.000,-.

Grunngjeving:

Det er store utfordringar i dei kommunale helse og omsorgstenestene med tidlegare utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, fleire pasientar med eit komplekst sjukdomsbilde som bidreg til strukturelle utfordringar og eit auka behov for kompetanse.

Brukarmedverknad er lovpålagt og fokus er endra frå «Kva feilar det deg?» til «Kva er viktig for deg?» Tverrfagleg samarbeid er ein føresetnad. Helse og omsorgstenestene er i omvelting og tilgang på ressursar er utfordrande.

Årets prisvinnar har utvikla tenestene gjennom tenesteinnovasjon og arbeid systematisk i eigen kommune med desse utfordringane. Kommunen starta med tverrfaglege team i 2007, styrka modell for primærkontakt, pasient og brukarsikker kommune frå 2016 og gode pasientforløp frå 2017. I 2018 opna dei ei eiga avdeling, ei virtuell avdeling, der pasientane som blei innlagt kom frå sjukehus eller korttidsavdeling, forverring av tilstand eller etter ei bekymringsmelding.

Virtuell avdeling er ei avdeling utan veggar og tak, pasientane bur heime og innsatsen skjer der han eller ho bur.

Kommunen har mellom anna nytta Helhetlig pasientforløp i hjemmet og pasientsikkerhetsprogrammet som arbeidsmetodikk. Kommunen har satt som mål mellom anna heimebesøk innan tre dagar, samstemming av legemidlar, ernæringsscreening og legetime innan to veke. Det blir gjennomført tverrfaglege tavlemøte kvar veke med sjukepleiarar, legar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosionom etter samtykke frå pasienten.

Arbeidet har og spreidd om seg til psykisk helse barn , som har starta med tverrfaglege tavlemøte. Møreforsking og Høgskulen i Molde har følgt arbeidet og skreve ein rapport «Virtuell avdeling - Smartere og bedre samhandling for hjemmeboende multisyke eldre?»

Kontaktpersonar