Investeringstilskot

Tilskotsordninga til bygging og fornying av sjukeheimar og omsorgsbustadar stara i 2008 og skal gje 12 000 nye plassar fram til 2015. Det er Husbanken som forvaltar tilskotsordninga.

Ein føresetnad for at kommunane skal kunne få tilskot, er at bustadane er tilrettelagt for personar med demens, og at dei skal nyttast av personar med vedtak som medførar rett til heildøgns omsorgstenester.

Tilskotet kan brukast til:

  • nybygg av sjukeheimar og omsorgsbustadar, både til korttidsplassar og langtidsopphald
  • ombygning og utbetring av gamle og ueigna institusjonar og omsorgsbustadar
  • bygging av fellesareal som er naudsynt for å kunne gje heildøgns tenester i eksisterande omsorgsbustadar