Demenskonferansen 2020

Årets demenskonferansen har fått tittelen "Vi vil, og vi får det til". Den er den siste konferansen knytt til Demensplan 2020, og vil vere i Molde den 31.mars og 1. april.

 

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterar til denne konferansen saman med Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester, Nasjonalforeininga for folkehelse, Molde kommune ved Råkhaugen dagsenter og Fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal.

Vi har som mål at deltakarane får auka innsikt gjennom inspirerande foredrag og erfaringsdeling, ta del i kreative og innovative arbeidsmetodar og smarte tiltak innan demensomsorga.

Målgruppa er leiarar på alle nivå, tilsette i kommunane og helseføretak, legar, fastlegar, sjukeheimslegar, politikarar, lag og organisasjonar, frivillige og andre interesserte.

Vi byggjer opp konferansen ut frå dei 6 strategiane i Demensplan 2020, og ser litt på status no og vegen vidare.

Dei 6 strategiane er:

  1. Sjølvråderett, involvering og deltaking
  2. Førebygging- det som er bra for hjarte er bra for hjernen
  3. Diagnose til rett tid og tett oppfølging etter diagnose
  4. Aktivitet, meistring og avlasting
  5. Pasientforløp med systematisk oppfølging og tilpassa tenestetilbod
  6. Forsking, kunnskap og kompetanse

Vi har mange gode og spennande personar som vil halde innlegg på konferansen, og satsar på inspirerande dagar saman.

Påmeldingsfrist er satt til 04. mars 2020, og for meir informasjon med program og påmelding finn ein på våre heimesider: https://www.fylkesmannen.no/nn/More-og-Romsdal/Kurs-og-konferansekalender/2020/03/demenskonferansen-2020/