Tilråding om opning av NAV-kontor

Koronapandemien har ført til at dei fleste Nav-kontor har vore heilt eller delvis stengt for oppmøte dei siste tre månadene. Fylkesmannen og meiner at kommunane no må opne Nav-kontora.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2020

Som kontrollorgan for dei sosiale tenestene i Nav vil Fylkesmannen rette eit ekstra søkelys mot behova til dei innbyggjarane som har særlege utfordringar og som er sårbare til vanleg, men ekstra sårbare no under pandemien.

Fylkesmannen registrerer at dei digitale kanalane som Nav har fungerer godt for mange, og auka tilgjenge over telefon er positivt. Samtidig er vi bekymra for at ein del brukarar kan oppleve telefonisk kontakt og digitale kanalar som eit hinder for å oppsøke den hjelp og dei tenester dei har behov for. Heller ikkje alle med behov for sosiale tenester meistrar språket godt nok. Dette kan føre til at det er vanskeleg både å ta kontakt og gjere seg forstått over telefon.

For dei mest sårbare brukarane er dei sosiale tenestene i Nav det siste tryggingsnettet. Desse tenestene kan derfor ikkje vere utilgjengelege, noko som vil vere tilfelle om det ikkje er mogleg å oppsøke Nav-kontoret utan avtale.

Fylkesmannen forventar derfor at alle Nav-kontor no sørger for at innbyggarane får høve til å komme i kontakt med relevant personell. Det gjeld og ved fysisk frammøte utan avtale.

Det er viktig at arbeidet med å opne opp Nav-kontora for slik kontakt skjer i tråd med gjeldande råd for smittevern. Dette for å skape tryggleik både for dei tilsette og brukarar, noko som er fullt mogleg innanfor dei smittevernfaglege råda som gjeld.

Fylkesmannen vil følge opp Nav-kontora sine løysingar for brukarkontakt gjennom tilsyn og dialog. Spesielt med tanke på å sikre at dei sosiale tenestene skal vere tilgjengeleg og fungere som det siste tryggingsnettet for dei innbyggjarane som er i ein særs krevjande livssituasjon.