Kommunane må framleis sørge for dei sosiale tenestene i NAV

Fleire NAV-kontor i Møre og Romsdal stenger no for besøk frå publikum for å redusere risikoen for spreiing av koronavirus. På same tid får kontora svært mange førespurnader frå personar som er permitterte eller treng anna oppfølging retta mot å komme i arbeid.

Uavhengig av dette må NAV-kontoret gje sosiale tenester til dei som treng det.

Det er kommunane som har ansvaret for å sikre at dei sosiale tenestene er forsvarlege. Dette betyr at:

  • Tenestene må vere tilgjengelege
  • Sakshandsaminga må vere i tråd med lova
  • Innhaldet og omfanget av tenestene må vere tilstrekkelege

Desse krava gjeld og i den ekstraordinære tida vi er inne i no. Fylkesmannen oppfordrar alle til å vise forståing for at både NAV-kontor og kommunar for tida har eit svært stort arbeidspress.

Om kravet til tilgjengelegheit

Kommunane må sørgje for at alle som treng sosiale tenester framleis får tilgang til desse. Kommunane må difor sørgje for at alle med reelle behov for sosiale tenester, får kontakt med sitt NAV-kontor. De digitale kanalane inn til NAV er i hovudsak knytt til statlege tenester, og kan ikkje nyttas til dialog om sosiale tenester. Unntak for dette er Kvalifiseringsprogrammet og Digisos for dei kommunane som har innført det.

Kommunane står fritt til å løyse dette på ulike måtar, så lenge tilgjengelegheita er god nok.

Om kravet til sakshandsaming

Kommunane må vidare sørge for tilstrekkelege ressursar til å sakshandsame søknader om sosiale tenester. Svært mange tar no kontakt med NAV-kontora i samband  permitteringar, omsorgspengar og sjukepengar. Kontora må likevel handsame søknadar om sosiale tenester fordi dette er det siste sikringsnettet.

Om kravet til innhald og omfang av tenestene

Kommunane må sørgje for at alle som har rett på sosiale tenester, får dei tenestene dei har krav på. Dette gjeld og personar som er i karantene heime, eller i isolasjon.

Fleire kan ha behov for økonomisk stønad, råd og rettleiing, særleg økonomisk rettleiing, i tida som kjem. Kommunen må tilpasse drifta si etter dette. Det er særleg viktig å sørgje for barnefamiliar, og NAV-kontora bør være ekstra merksame på barn og deira livssituasjon i tida der barnehage og skule er stengt.

Her kan du få meir informasjon

Arbeids -og velferdsdirektoratet samlar oppdatert informasjon til kommunane og privatpersonar på sine nettsider. Desse finn du under «Lenker».

Du kan gjerne ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om sosiale tenester.

Viss du treng sosiale tenester, må du ta kontakt med NAV-kontoret i kommunen din.