Tilskot til utvikling av sosiale tenester i NAV, bustadsosialt arbeid og arbeid mot barnefattigdom

Med atterhald om godkjenning av budsjett i Stortinget er no tilskot til både bustadsosialt arbeid og utvikling av sosiale tenester i NAV kunngjort. Tilskot til barnefattigdom er også lyst ut som ei overgangsordning. 

Målsetting med tiltak for å utvikle sosiale tenester i NAV er å bidra til nytenkning og utvikling av nye arbeidsmåtar, og få fram kunnskap og erfaringar som kan overførast til andre NAV-kontor.

Viktige innsatsområder for det bustadsosiale arbeidet i 2018 er å redusere bruk av mellombelse butilbud, legge til rette for eit heilskapleg bustadsosialt arbeid lokalt og etablere tiltak for ungdom og yngre vaksne i etableringsfasen. Kun kommunar som fekk tilskot i 2017 kan søke.

Når det gjeld tilskot til barnefattigdom er det berre dei som har hatt tilskot til prosjekt med oppstart i 2016 eller 2017 som kan søke på denne ordninga i 2018.

For meir informasjon sjå lenka til NAV i høgremenyen. Der finn du også søknadsskjema og regelverk for dei tre ordningane.

Søknadsfrist er 1. februar 2018