Smittesporing og personvern

Kva informasjon har du eigentleg rett på dersom det har skjedd ei utbrott med covid-19 og du kan ha vore i nærleiken av nokon som får påvist smitte?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2020

Dei siste vekene har vi fått større lokale utbrot av covid-19 i Møre og Romsdal. Fleire er satt i karantene. Dei har fått beskjed om at dei har vore i nærleiken av ein smitta person, men som regel ikkje fått vite så mykje meir enn kor og når. 

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen forklarar at det i hovudsak er helsepersonellova og smittevernlova som regulerer kva for informasjon om ein smitta person som kan delast.

Utsett for smitte?

– Sidan covid-19 er sett som ein allmennfagleg smittsam sjukdom, gjeld også spesielle reglar i smittevernlova. Dersom det er mistanke om at du kan ha vært utsett for smitte («nærkontakt») får du som regel informasjon om sjukdommen og smittevernvegleiing. Men, du har ikkje krav på å vite meir om smittesituasjonen enn kva som er strengt nødvendig for å kunne ta stilling til om du må sjåast som ein mogleg nærkontakt. Om du sjåast som ein nærkontakt, må du gå i karantene og helst testast.

Fylkeslegen fortel at kommunen startar smittesporing straks eit smittetilfelle oppdagast. Då vil kommunen kontakte dei som står i fare for å kunne være smitta. Nokon gonger vil kommunen vurdere om detaljar om risikosituasjonar skal gis ut, for å kunne nå fram til alle som kan ha blitt smitta.

Dei smitta sin rett til personvern

Det er viktig at helsepersonell/verksamheitar og andre som får kjennskap til informasjon varetar den smitta sin rett til personvern.

– Dei som er smitta skal kunne stole på at det er trygt å oppsøke helsetenesta og at opplysningar som kan avsløre identiteten deira ikkje kommer fram, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.