Kamp mot fattigdom

Det er ei viktig samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det finst menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Fylkesmannen skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Fylkesmannen fører tilsyn med praktiseringa av sosialtenestelova i kommunane. Fylkesmannen skal bidra til å auge kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Fylkesmannen skal i sin innsats for å medverke til god forståing for og rett praktisering av sosialtenestelova, mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Fylkesmannen tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Fylkesmannen og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir


14.11.2016

Barnefattigdom

Regjeringa har foreslått endringar i tilskot for å førebyggje og redusere barnefattigdom i kommunane


01.12.2015

"Fra gode prosjekt til betre velferd"

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i samarbeid med KoRus, Averøy og Vestnes kommune, inviterte til  fagsamling 26-27. november, der sosiale skilnader og implementering var satt på dagsordenen.

 


25.11.2015

Bustadsosialt tilskot 2016

Hovudmålet med tilskotet er å styrkje og utvikle dei ordinære tenestane i kommunen i Arbeids- og velferdsforvaltninga, slik at dei betre kan ta hand om og hjelpe bustadslause og vanskelegstilte på bustadsmarknaden, særleg ungdom og barnefamiliar.


18.11.2015

Tilskudd barnefattigdom

Tilskotsordninga for å styrke arbeidet mot barnefattigdom skal vidareførast i 2016. Ordninga skal bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial utestenging blant barn, unge og barnefamiliar.


04.12.2014

Barnefattigdom 2015- utlysning av midlar

Alle kommunar kan no søkje om tilskot for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom .
Søknadsfrist er 1. februar 2015.


04.12.2014

Kunngjering om tilskot til bustadsosialt arbeid i 2015 – kap. 0621, post 63

Med atterhald om budsjettvedtak i Stortinget blir tilskotsordninga for å førebyggje og motarbeide bustadløyse vidareført i 2015.


02.07.2013

søknad om eingongsmidlar til kommunen i NAV

Til kommunar i Møre og Romsdal ved leiinga!

Vi vidareformidlar med dette informasjon frå Arbeids- og velferdsdirektoratet (sjå e-post under).


17.01.2013

Barnefattigdom - utlysning av midlar

Alle kommunar kan no søkje om tilskot for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom .
Søknadsfrist er 1. februar 2013.