Rettleiar for saksbehandling ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

Rettleiaren gir ei praktisk innføring i dei reglane som gjeld ved kommunal saksbehandling og tildeling av helse og omsorgstenester.

IS-2442 Veileder for saksbehandling – Tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven §§ 3-2 første ledd nr. 6, 3-6 og 3-8 er utarbeidd grunna endringar i lova.

Den erstattar den tidlegare rettleiaren «IS-1040 Saksbehandling og dokumentasjon for pleie- og omsorgstjenester».

Helse- og omsorgsdepartementet behandler i dag fleire forslag til endringar av lovverket, og rettleiaren vil oppdaterast i tråd med desse lovendringane når dei trer i kraft.