Helsetenester

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Fylkesmannen fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Fylkesmannen vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Fylkesmannen vil også kunne ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Fylkesmannen. Ved særleg grove rettsbrot vil Fylkesmannen sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Fylkesmannens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


13.09.2019

Ny forskrift om pasientjournal gjeldende fra 1. juli 2019

Alle som yter helsehjelp har plikt til å føre journal etter helsepersonelloven §§ 39 og 40. Forskriften skal fylle ut denne journalføringsplikten og legge til rette for en pasientjournal sentrert rundt pasientens behov for helsehjelp.

17.01.2018

Lovendring som styrkar barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 ble barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken.

03.01.2017

Barn som pårørende


17.02.2016

Rettleiar for saksbehandling ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

Rettleiaren gir ei praktisk innføring i dei reglane som gjeld ved kommunal saksbehandling og tildeling av helse og omsorgstenester.

09.11.2015

Nye pasientrettigheter

Fra og med 1. november styrkes pasientrettighetene for pasienter som har henvisning til spesialisthelsetjenesten.

07.03.2013

Helse- og sosialmelding 2012

Fylkesmannen har som oppgåve å følgje med og melde frå til sentrale styresmakter om dei lokale tilhøva i fylket. Helse og sosialmeldinga for 2012  viser deler av det Fylkesmannen har sett gjennom tilsyn, klagesaker og anna kontakt med tenestene i løpet av året.   2012 var det første året i samhandlingsreforma. Intrykket er at reforma så langt stort sett har fungert etter planen. Avtalane mellom kommunar og helseføretaket er inngått som planlagt, og utskrivingsklare pasientar er tekne hand om i kommunane. Ein har ikkje sett fleire reinnleggingar i sjukehusa enn tidligare, og vi har motteke få klager. Mykje godt kvalitetsarbeid blir gjort, likevel viser tilsyn i kommunar og føretak at det framleis er manglar i system, oppfølging og samhandling som skal sikre trygge tenester.