Helse offshore

Fylkesmannen i Rogaland har ei landsdekkjande rolle i saker som gjeld helse og hygiene i petroleumsverksemda til havs på den norske kontinentalsokkelen.

Tilsyn med helse og hygiene i oljeindustrien

Fylkesmannen i Rogaland har tilsyn med helse og hygiene om bord på alle faste og flyttbare installasjonar i petroleumsverksemda til havs. Tilsynet omfattar blant anna helsetenesta (den kurative tenesta og beredskap), matvarehandtering, forpleiing og drikkevassforsyning. Du finn meir informasjon og oversikt over tilsynsaktivitetane på nettsidene til Fylkesmannen i Rogaland.

Helseerklæringar i offshoreindustrien

Fylkesmannen i Rogaland forvaltar regelverket for helsekrav for personar i petroleumsverksemda til havs og kan også gi dispensasjonar dersom krava ikkje er oppfylte. På nettsidene til Fylkesmannen i Rogaland finn du liste over petroleumslegar som skriv ut offshoreattest (helseerklæring for personar i petroleumsverksemda til havs). For offshoredykkarar har vi lister over godkjende legar og skjema for nedlasting. 

Vis meir