Førarkort

Oppdatert 05.01.2024

Alle som skal søkje om førarkort eller fornye førarkortet sitt, må fylle ut ei eigenerklæring om helse på trafikkstasjonen. Eigenerklæringa skal stadfeste at du er frisk nok til å køyre. Dersom du har ein sjukdom eller ein tilstand som kan verke inn på køyreevna, må du i tillegg få helseattest frå legen din. 

Dersom du er i tvil om du kan køyre trygt på grunn av helseproblem eller medisinbruk, har du plikt til å oppsøkje lege. Om ein lege, psykolog eller optikar meiner at du ikkje oppfyller helsekrava for å ha førarkort, skal han eller ho melde frå til Statsforvaltaren dersom helsekrava ikkje vil vere oppfylte igjen innan seks månader. Statsforvaltaren informerer politiet dersom førarkortet bør tilbakekallast heilt eller delvis. Politiet har også mynde til å gje tilbake føreretten.

Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Dispensasjon

Helsekrava til førarkort er tilpassa førarkortdirektivet i EU, og omsynet til trafikktryggleik veg tungt. Dersom fastlegen (eller ein annan lege) konkluderer med at du ikkje fyller helsekrava til førarkort, er det svært vanskeleg å få dispensasjon frå helsekrava. 

Klage

Dersom du har fått avslag på ein søknad om dispensasjon, kan du klage på vedtaket. Statsforvaltaren vil da gå gjennom saka på nytt, og vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket. Dersom vi opprettheld vedtaket vårt, sender vi saka vidare til Helseklage for ny behandling.

Spørsmål og svar om førarkort og helse

Nei, det er ingen menneskerett å få køyre bil. Omsynet til trafikktryggleik er viktigare enn fridomen ved å kunne køyre bil. Derfor må du alltid oppfylle krava som blir stilt til køyreferdigheiter. I tillegg må du ha ei helse som er så god at du ikkje utgjer ein unødig risiko i trafikkbiletet, verken for deg sjølv eller for andre. Det er derfor utarbeidd ei forskrift som seier kva helsekrav som må vere oppfylte for at du skal kunne køyre bil. Forskrifta er ganske detaljert, og viser eigne helsekrav for ulike helsesvekkingar og for ulike førarkortgrupper. Helsestyresmaktene har gått opp grensegangane etter grundige medisinskfaglege vurderingar. Fordi forskrifta i stor grad byggjer på retningslinjer fastsett gjennom EU-direktiv, er helsekrava stort sett de same i heile Europa, men med nokre lokale tilpassingar.

Vi har forståing for at du opplever det som svært inngripande å bli fråteken førarkortet. Kanskje kjenner du på at det er både unødvendig og urettferdig, spesielt dersom du sjølv ikkje opplever å ha ein helsesvikt som utgjer ein risiko. Å miste moglegheita til å køyre bil kan føre til store avgrensingar, både i yrkeslivet, ved gjennomføring av kvardagslege gjeremål og for det sosiale livet elles. I et langstrekt land som Noreg er det mange som bur i område med avgrensa, eller manglande tilbod om offentleg transport. Då opplever du gjerne at du blir ekstra hardt råka dersom du ikkje lenger får køyre bil. Når legen skal vurdere om du fyller helsekrava, har ikkje legen høve til å ta omsyn til kva konsekvensar det vil få for deg å miste førarkortet. At du har eit stort behov for å kunne køyre bil, er dermed ikkje relevant i vurderinga som legen skal gjere.

  • Du pliktar å hjelpe legen eller psykologen med å avklare din eigen helsesituasjon.
  • Du pliktar å følgje råd, anbefalingar, forbod og pålegg som lege, psykolog eller optikar gir deg sjølv om du er usamd i vurderinga.
  • Du pliktar å avstå frå bilkøyring dersom du veit, eller burde visst at du gjer ein risiko i trafikken. Dette gjeld blant anna ved helsesvekking, sjukdom, når du et trøytt og sliten, eller når du er påverka av legemiddel, alkohol eller andre rusmiddel, jamfør vegtrafikklova paragraf 21.

Når du ikkje oppfyller helsekrava, betyr det at du kan utgjere ein risiko i trafikken slik helsa di er akkurat no. Hugs at det som betyr noko er legens vurdering av helsesituasjonen sett opp mot helsekrava, og ikkje korleis du sjølv vurderer di eiga helse. Ofte er helsesvekkinga noko som går over, slik at helsekravet på nytt kan vere oppfylt når helsesvekkinga ikkje lenger medfører at du utgjer ein risiko i trafikken.

Alle som ferdast i trafikken utgjer ein viss risiko. Nokre av oss utgjer likevel ein større risiko enn andre. Storsamfunnet aksepterer til ein viss grad den auka risikoen som ei helsesvekking fører til. Det same gjeld til dømes også ved bruk av medikament som kan påverke konsentrasjon og merksemd. Ein stad går det likevel ei grense for kor stor risikoen kan vere, og då må behovet ditt for å køyre bil vike for samfunnets generelle behov for beskyttelse.

Det er viktig å vere klar over at helsekrava ikkje er dei same for alle førarkortgruppene. Helsekrava blir strengare jo større skadepotensiale køyretøyet har. Derfor er helsekrava strengast for dei som driv med persontransport (førarkortgruppe 3).

Statsforvaltaren har mange roller når det gjeld førarkort, men vi er berre involvert i saker der det er, eller kan vere, ei helsesvekking som påverkar førarretten. Vi gir råd og rettleiing til privatpersonar, helsepersonell, Statens vegvesen, politi og trafikkskular, og vi har dessutan ansvar for saksbehandling av enkeltsaker. Vi har desse rollene:

  • Lege, psykolog og optikar har ei lovbestemt plikt til å melde til Statsforvaltaren når du ikkje oppfyller helsekrava i førarkortforskrifta, og det er venta at helsesvekkinga kjem til å vare lenger enn seks månader. Vi vurderer om desse meldingane er godt nok grunngjevne til å slå fast at helsekravet ikkje er oppfylt, og om det er sannsynleg at det tek meir enn seks månader før helsekravet igjen kan vere oppfylt. Om det er tilfelle, tilrår vi politiet å kalle tilbake førarretten.
  • Vi vurderer om køyrevurdering ved Statens vegvesen er eit eigna verkemiddel i saker der det er tvil om helsekrava er oppfylte. Vi avslår ønske om køyrevurdering i saker der helsekravet uansett ikkje vil vere oppfylt, eller der grunnlag for tvil ikkje er godt nok dokumentert.
  • Vi behandlar søknader om dispensasjon frå helsekrava i førarkortforskrifta.
  • Vi gir opplæring til helsepersonell.

Lege, psykolog eller optikar kan gi deg køyreforbod dersom det blir avdekt at du har ei helsesvekking som gjer at du for tida ikkje oppfyller eitt eller fleire av helsekrava i førarkortforskrifta. Lege og psykolog kan dessutan gi deg køyreforbod i den perioden det blir undersøkt om du kan ha helsesvikt som påverkar køyreevna og dermed også førarretten.

Lege, psykolog eller optikar kan gje deg eit munnleg køyreforbod i samband med ei helseundersøking, og forbodet betyr at du ikkje har rett til å køyre noko køyretøy i dei førarkortgruppene som køyreforbodet gjeld for. Køyring  medan du har køyreforbod vil vere det same som å køyre utan gyldig førarkort, noko som er eit brot på vegtrafikklova. Det fysiske førarkortet ditt er ikkje gyldig, sjølv om du skulle ha det liggande i lomma.

Dersom du kjem i ei ulykke og forsikringsselskapet ber om helseopplysningar frå fastlegen din, vil det komme fram at du har køyrt utan gyldig førarrett.

Lege, psykolog eller optikar kan gje munnleg køyreforbod for inntil seks månader på grunn av helsesvekkingar som ikkje er varige, i den fasen der helsa di blir nærare undersøkt, eller inntil politiet tilbakekallar førarkortet. Eit køyreforbod gjeld som utgangspunkt inntil det blir oppheva.

Legens, psykologens eller optikarens (heretter kalla legen) avgjerd om munnleg køyreforbod er basert på ei medisinskfagleg vurdering, sett i samanheng med regelverket. Denne vurderinga kan du ikkje klage på, men du har likevel rett til å få saka di vurdert av annan lege. Køyreforbodet gjeld inntil ein ny lege eventuelt opphevar forbodet. Dersom du ønskjer ei ny vurdering, må du gi den nye legen tilgang til alle relevante opplysningar om helsesituasjonen din. Dette er fordi den nye legen skal kunne gjere ei ny forsvarleg vurdering.

Det blir ikkje lagt vesentleg vekt på at du sjølv vurderer å utgjere ein liten trafikktryggleiksrisiko. Mange helsesvekkingar utviklar seg over tid, noko som gjer at du kan venje deg til helsesvekkinga på ein måte som gjer at du ikkje merkar korleis helsesvekkinga objektivt påverkar deg. Når det gjeld årsakssamanhengar til ei helsesvekking, skal det leggjast vekt på vurderingar som gjort av spesialisthelsetenesta.

Her er tre vanlege døme:

Alkohol: Dersom legen kjem fram til at du har eit skadeleg alkoholforbruk som har vart ei tid, betyr det ikkje noko at du har køyrt skadefritt, at du ikkje køyrer når du er påverka, at du ikkje er teken for promillekøyring eller at du fungerer bra i jobbsamanheng. Det legen vurderer, er om alkoholforbruket ditt er så omfattande at det på sikt svekkjer helsa di.

Kognitiv svikt: Legen kan etter ei totalvurdering, blant anna ved hjelp av kognitive testar, komme fram til at du ikkje tilfredsstiller dei kognitive krava som må oppfyllast for at du skal kunne køyre bil. Da hjelper det ikkje at du sjølv, kona, barna eller naboen meiner at du er ein erfaren og god sjåfør. Det hjelper heller ikkje at du lovar å køyre berre i nærmiljøet og kjende omgjevnader. Nedsette kognitive funksjonar påverkar mange eigenskapar som er viktige i trafikken, blant annet evna til å handle på bakgrunn av uventa hendingar. Kognitiv svekking er dessutan kjenneteikna av manglande evne til innsikt i eigen sjukdom, som også kan bety manglande evne til å sjå at du ikkje fungerer like godt som før.

Syn: Mange hevdar at dei ser «som ei ørn» og at synsfunksjonen ikkje på nokon måte påverkar trafikktryggleiken. At du har tilpassa deg ei synssvekking er vel og bra, men verken kompenserande tiltak eller erfaring kan erstatte eit velfungerande syn. Eit godt syn skal sikre at du evnar å ha god oversikt, både framover og til sidene, slik at du kan reagere raskt når det er nødvendig. Det er lett å overvurdere sin eigen synsfunksjon, eller å undervurdere kor mykje synssvekkinga påverkar trafikktryggleiken. 

Ein del personar kan bruke sitt opphavlege førarkort når det munnlege køyreforbodet er oppheva. Andre må skaffe seg nytt førarkort ved Statens vegvesen, fordi det i ein del tilfelle må vere kortare gyldigheit på førarretten. Det er typen helsesvekking som avgjer dette.

Som nemnt i avsnittet om pliktene du har som førarkortinnehavar, er du pålagt å medverke til å avklare helsesituasjonen din. Legens ønske eller behov for å undersøke helsesituasjonen din kjem gjerne av at det har oppstått ein mistanke om helsesvekking. I førarkortsamanheng kan manglande samarbeid bli oppfatta som at pasienten prøver å skjule ei eller fleire helsesvekkingar, eller at pasienten manglar innsikt i eigen situasjon. Manglande vilje til å samarbeide vil kunne tale mot at du oppfyller helsekrava.  

Når du har ei påvist helsesvekking, kan legen eller psykologen (heretter kalla legen) vere i tvil om helsesvekkinga utgjer ein risiko i trafikken. I slike tilfelle kan legen ønskje at du gjennomfører ei køyrevurdering. Legen sender då ei tilråding til Statsforvaltaren om at du får ta ei slik køyrevurdering. I nokre spesielle tilfelle går det fram av helsekravet at det skal gjennomførast ei køyrevurdering. Dette er noko legen informerer deg om. I desse tilfella kan du sjølv avtale time direkte med Statens vegvesen.

Legen skal skildre helsesvekkinga, grunngje tvilen, og skildre kva forhold eller situasjonar som han eller ho ønskjer undersøkt. Statsforvaltaren avgjer om ei køyrevurdering er eit eigna verkemiddel for å avklare helsespørsmålet. I så fall får du eit brev som forklarer korleis du går fram for å gjennomføre køyrevurderinga.

Ei køyrevurdering skal gjerast ved ein av Statens vegvesens trafikkstasjonar, og med ein trafikkskulebil. Sjølve køyrevurderinga er kostnadsfri, men du må sjølv betale for leige av skulebil. Etter gjennomført køyrevurdering får legen ein sakkyndigrapport frå sensor, der Statens vegvesen tilrår eller rår frå vidare førarrett.

Det er ditt eige ansvar å tinge time til køyrevurdering innan den fastsette fristen i brevet. Når du har fått brevet frå Statsforvaltaren om køyrevurdering, kan det vere lurt å ta kontakt med ein trafikkskule så snart som mogleg. Mange trafikkskular kan hjelpe deg med å tinge time ved Statens vegvesen.

Vi gjer merksam på at køyrevurdering blir brukt når legen er i tvil, det er sjeldan aktuelt når du ikkje fyller helsekrava. At du sjølv ønsker å bevise at helsesvekkinga di ikkje påverkar trafikktryggleiken, gir derfor ikkje grunnlag for å få ei køyrevurdering. Statsforvaltaren kan likevel, unntaksvis og i heilt spesielle tilfelle, be om køyrevurdering i samband med at vi behandlar ein søknad om dispensasjon frå helsekrava.

Nei. Køyrevurderinga skal gjerast med ein køyreskulebil som har dobbelt pedalsett. Du må derfor leige ein køyreskulebil frå ein trafikkskule.

Ja. Sjølve køyrevurderinga er kostnadsfri, men du må sjølv betale for leige av køyreskulebil. Du må også sjølv betale for eventuelle køyretimar/oppvarmingstimar.

Etter køyrevurderinga skriv sensor ein rapport som oppsummerer køyreturen. Denne sakkyndigrapporten blir send til legen eller psykologen som bad om køyrevurderinga. Ein sakkyndigrapport er basert på ei fagleg vurdering og er ikkje eit enkeltvedtak. Det betyr at det ikkje er mogleg for deg å klage på vurderinga som sensor har gjort.

Ei køyrevurdering blir gjort med ein erfaren sensor. Sensor skal vurdere om helsesvekkinga påverkar evna di til å køyre bil på ein slik måte at du faktisk utgjer ein risiko i trafikken. Dersom sensor meiner at helsesvekkinga medfører at du utgjer ein risiko i trafikken, blir det opp til legen eller psykologen (heretter kalla legen) å ta ei endeleg avgjerd på om helsekravet kan reknast for å vere oppfylt eller ikkje.

Dersom spesielle forhold tilseier det, kan legen likevel be Statsforvaltaren om at det blir gjort ei ny køyrevurdering. Det er viktig å vere klar over at legen då må grunngje kvifor det framleis er tvil og kvifor det ikkje er mogleg å konkludere. Statsforvaltaren kan avvise førespurnaden dersom han ber preg av å vere ei formidling av at du ønskjer eit nytt forsøk.

Dersom helsesituasjonen din blir betre slik at det på nytt kan vere tvil om at helsesvekkinga påverkar trafikktryggleiksrisikoen, kan legen sjølvsagt be om ei ny køyrevurdering.

Lege, psykolog og optikar har ei lovbestemt plikt til å melde frå til Statsforvaltaren når du ikkje oppfyller helsekrava i førarkortforskrifta, og det er venta at helsesvekkinga kjem til å vare lenger enn seks månader. Dette er regulert i helsepersonellova paragraf 34.

Avgjerda om å sende melding til Statsforvaltaren etter helsepersonellova paragraf 34 er basert på ei medisinskfagleg vurdering, noko som gjer at du ikkje har klagerett. Du kan derimot ha rett til å få ei ny vurdering hos en annan lege. (Sjå også punktet om uttalerett før politiet fattar vedtak i saka.)

Statsforvaltarens rolle er blant anna verne om rettane som du har. Vi skal vurdere om den påviste helsesvekkinga er godt nok dokumentert og grunngjeven, om helsesvekkinga reint faktisk er i strid med helsekravet, og om det er sannsynleg at helsesvekkinga vil vare lenger enn seks månader.

Dersom vi hos Statsforvaltaren er samd i vurderinga til legen, psykologen eller optikaren, er det vår rolle å sende saka til politiet. I meldinga til politiet tilrår vi at politiet tilbakekallar førarkortet, anten heilt eller delvis (éi eller fleire førarkortgrupper). Du får kopi av brevet som vi sender til politiet. Samtidig får du også eit brev som forklarer kva som har skjedd, og kva som kjem til å skje med førarkortet ditt. Du får også informasjon om retten du har til å uttale deg før politiet fattar vedtak i saka.

Det følgjer av forvaltningslova at du skal ha høve til å komme med ein uttale før det blir fatta vedtak som gjeld deg og rettane dine. Dersom du meiner at avgjerda som legen, psykologen eller optikaren har gjort på ein eller annan måte er feil, har du høve til å komme med rettingar eller innvendingar. Det same gjeld dersom du har nye medisinske opplysningar som kan gi grunn til å endre avgjerda.

Når politiet har fatta vedtak om tilbakekall av førarretten din, betyr det at du pliktar å levere frå deg førarkortet til næraste politistasjon. Førarretten din står uansett som sperra i det elektroniske førarkortregisteret.

Dersom du meiner at politiet har fatta vedtaket på feil grunnlag, kan du klage. Klagen må du sende til politiet, sidan det er dei som har fatta vedtaket. Det er viktig å hugse på at klagen må vere signert. Dersom klagen blir send av nokon som representerer deg (som ikkje er advokat), må du også leggje ved ei fullmakt frå deg som gir representanten rett til å opptre på dine vegner i saka.

Dersom politiet ikkje finn grunnlag for å endre vedtaket sitt, blir saka automatisk send vidare til Politidirektoratet for endeleg klagebehandling og avgjerd.

Du kan få førarkortet tilbake når du på nytt oppfyller helsekrava. Det er lege, psykolog og optikar som avgjer når helsekrava er oppfylt. Legen skriv da ut ein helseattest som du må levere til politiet som søknad om å få førarretten tilbake. Helseattesten er gyldig i tre månader.

Ja, du har rett til å søke om dispensasjon frå helsekravet. Det er likevel viktig å vere klar over at Statsforvaltaren har svært avgrensa moglegheiter til å gje dispensasjon frå helsekravet. Det er med andre ord svært få som får dispensasjon. Statsforvaltaren kan gje dispensasjon berre når det er «openbert urimeleg» å avslå søknaden. Kva som blir rekna som urimeleg har nødvendigvis ikkje samanheng med det du sjølv opplever som urimeleg.

Når vi skal vurdere om det er openbert urimeleg å avslå søknaden din, har vi ikkje høve til å ta omsyn til behova dine for å ha førarkort. At du treng førarkort i jobbsamanheng, at du bur avsides til utan tilgang på offentleg transport, eller at du har andre tungtvegande private behov, kan vi ikkje leggje vekt på. I tillegg er Statsforvaltaren bunden av lovgivars føringar om at dispensasjonsregelen ikkje skal brukast til å flytte grensene som er fastsette i forskrifta.

Som søknad er det nok å sende helseattesten til Statsforvaltaren. Helseattesten må vere nyare enn tre månader.

Vedlegg til søknaden:

  • Eigenerklæringsskjema
  • «Helseattest syn» utfylt av augelege/optikar dersom du søkjer dispensasjon frå synskrava
  • Estermann synsfeltdiagram dersom du søkjer dispensasjon frå kravet til synsfelt (synsfeltdiagrammet kjem i tillegg til synsattesten)
  • Eventuell legeerklæring frå relevant spesialist
  • Ved rusmisbruk/skadeleg bruk av rusmiddel, krev vi dokumentasjon på kontrollprøvar som er tekne til bestemte tider gjennom den nødvendige tidsperioden
  • Andre medisinske opplysningar som kan vere relevante for søknaden

Søknaden med vedlegga sender du til: Statsforvaltaren i fylket der du bur.

NB! Dersom du søkjer om dispensasjon etter førarkortforskrifta paragraf 45 (einauga for høgare førarkortgrupper) må du leggje ved ein skriftleg søknad i tillegg til helseattesten.

Eit vedtak der du får avslag på søknaden din om dispensasjon, er eit forvaltningsvedtak som du kan klage på. Send klagen din til Statsforvaltaren, og vi vurderer saka på nytt, på bakgrunn av det som kjem fram i klagen din.

Dersom Statsforvaltaren held fast på vedtaket, sender vi klagen vidare til Helseklage (som er eit nasjonalt klageorgan for helsesaker). Svaret frå Helseklage er endeleg og det er ikkje mogleg å klage på dette. Du kan likevel få saken din prøvd videre for domstolane. Om du ønskjer å ta saka til domstolen, er det viktig å halde fristar for søksmål.

Dersom saken er behandla av både Statsforvaltaren og Helseklage, vil du normalt ikkje få ein ny søknad behandla. Ny søknad kan likevel bli behandla dersom det er slik at helsesituasjonen din er endra på ein måte som gjer at du er vesentleg nærare å oppfylle helsekravet.

Dersom du har vore utan førarkort i en periode som følge av helsesvikt, må du normalt ikkje køyre opp på nytt. Om førarkortet er inndrege av andre årsaker enn helse, bør du avklare spørsmålet ved å kontakte førarkortforvaltinga hos politiet.

Helsekrava må som utgangspunkt vere oppfylte for å kunne øvingskøyre.

Dersom førarkortet ditt er tilbakekalla av politiet på grunn av helsesvekking, må du søkje politiet om samtykke for å kunne øvingskøyre. Øvingskøyring bør skje ved ein godkjend trafikkskule, og du må sjølv dekkje kostnadene.

Dersom du, køyrelærar eller lege/psykolog er i tvil om at du fyller helsekrava, er det ikkje nødvendig å søkje. Vilkåret er at du i samråd med køyrelærar og lege eller psykolog, vurderer at helsesvekkinga utgjer ein lav risiko i trafikken. Vegtrafikklova regulerer det sjølvstendige ansvaret som du har for å la bilen stå dersom du kan utgjere en fare for andre.

Dersom du har redusert førleik som avgrensar valet av køyretøy, eller redusert førleik som krev spesiell tilpassing av køyretøy, er ikkje helsekrava oppfylte. Du kan likevel få førarrett, men då treng du dispensasjon frå helsekravet. Kven som bestemmer om du kan få dispensasjon, kjem an på kva type redusert førleik du har. Det blir skilt mellom stabil og progredierande redusert førleik. Progredierande betyr at situasjonen er venta å endre seg, noko som til dømes er tilfelle ved enkelte nevrologiske sjukdommar.

Ved stabil redusert førleik er det Statens vegvesen som har vedtaksmynde. Dei avgjer dermed om du får førarrett, og med kva avgrensingar. Førarretten vil  normalt bli avgrensa (koda) til eit bestemt køyretøy, eller til køyretøy med ein bestemt type utstyr (til dømes rattkule, automatgir).   

Ved progredierande redusert førleik er det Statsforvaltaren som har vedtaksmynde.

Personar med diabetes som blir behandla med blodsukkersenkande legemiddel skal ha avgrensing i kor lenge førarretten varer. For førarkortgruppe 1 skal gyldigheitstida vere inntil 5 år, og inntil 3 år for førarkortgruppe 2 og 3.

Personar med kosthaldregulert diabetes skal ikkje ha avgrensing i gyldigheitstida for førarretten.

Vis meir


Publisert 15.03.2024

Endring i førarkortforskrifta – om å øvingskøyre

No må du søkje politiet om samtykke for å kunne øvingskøyre, dersom du ikkje har gyldig førerett.


Kva skjer med førarkortet når helsa sviktar?

Har du spørsmål?

Finn du ikkje svar på det du lurer på under "ofte stilte spørsmål"?
Då kan du ringe førarkorttelefonen tirsdager og torsdager mellom klokka 12.00 og 14.00: 

469 04 810

Legar/helsepersonell kan ringe sentralbordet kvar dag.