Rapport frå dialogmøta om Leve heile livet

Det blei arrangert 6 dialogmøte på ulike stader i Møre og Romsdal i perioden januar og februar i 2019. Arrangementsstadane var Ålesund, Ulstein, Stranda, Surnadal, Kristiansund og Molde.

Føremålet med møtet var mellom anna å gjere innsatsområda i reforma kjent. Det var og eit tilbod om støtte og rettleiing og eit ønske om dialog med kommunane om kva som er bra og kva utfordringar kommunen har for aldersgruppa 65 år og eldre. I tillegg skulle kommunane gi tilbakemelding på kva hjelp dei ønskjer frå det regionale støtteapparatet.