Trus- og livssynssamfunn

Fylkesmannen registrerer trus- og livssynssamfunn, behandlar krav om tilskot, godkjenner nye forstandarar og ser til at trus- og verksemda i livssynssamfunna er i samsvar med lover og forskrifter. Fylkesmannen er klageinstans for saker som gjeld kommunale tilskot til trus- og livssynssamfunn.

Den digitale løysinga "Trus- og livssynsamfunn" gir innsyn i opplysningar om livs- og trussamfunn som har søkt om statstilskot. 

Du får tilgang til den digitale løysinga ved å klikke på "Oversikt over trus- og livssynssamfunn" til høgre i skjermbiletet. Ved å klikke på det enkelte trussamfunnet får du tilgang til kontaktopplysningar, registreringsdato dersom det er registrert, namn på godkjende forstandarar, eventuell vigselsmynde, utbetalt statstilskot osv. Du får opp tilsvarande opplysningar ved å søkje på livssynssamfunna. Du kan også samanstille informasjon ved å bruke søkefelta.

Fristen for å setje fram krav om tilskot til trus- og livsssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1. mars.  

Har du spørsmål om trus- og livssynssamfunn, kan du vende deg til Fylkesmannen i fylket der trussamfunnet er registrert.

Vis meir


02.09.2019

Forlenga frist for trus- og livssyn til å sende inn korrigert medlemsoversikt i 2019

For meir info sjå: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/tilskudd-til-tros--og-livssynssamfunn-forlenget-frist-for-a-sende-inn-korrigert-oversikt-i-2019/id2666520/

21.08.2019

Ny frist for å kreve tilskudd til tros- og livssynssamfunn 2019


10.01.2017

Tilskot til trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn utanom "Den norske kirke" kan krevje eit årleg tilskot frå staten og frå kommunar der det bur medlemmar av samfunnet.