Fylkesmannen forenklar søknader om separasjon

Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan no søkje om separasjon via eit elektronisk søknadsskjema.

– Det elektroniske skjemaet hentar inn opplysningar som er lagra hjå folkeregisteret. Skjemaet har hjelpetekstar som gjer det lettare å forstå framgangsmåten for å søkje. I tillegg er skjemaet laga slik at det ikkje kan sendas inn før alle opplysningane er kome med, seier prosjektleiar Jørgen Tistel hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Den digitale søknaden bidreg til at saksbehandlingstida for separasjonssøknadar blir kortare, og brukaren slepp å fylle ut papirskjema på gamlemåten.

Det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er initiativtakarar til å utvikle eit digitalt skjema. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla og leverer løysninga.

I ein overgangsfase, vil det framleis vere mogeleg å søkje om separasjon via det gamle papirskjemaet.