Elektronisk søknadsskjema for skilsmisse

Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan no søkje om skilsmisse gjennom eit elektronisk søknadsskjema.

Det nye skjemaet følgjer opp fjorårets søknadsskjema for separasjon. No er det altså mogleg å søkje om både separasjon og skilsmisse elektronisk.

Den digitale søknaden er med på å korte ned saksbehandlingstida, og brukaren slepp å fylle ut papirskjema på gamlemåten. For dei som føretrekk å nytte papirskjema, er det framleis mogeleg å søkje om separasjon og skilsmisse på gamlemåten.