No kan kommunane sende digital melding om val av nye forliksrådsmedlemmar og oppnemning av mellombels stadfortreder

Det er utvikla to nasjonale elektroniske skjema for forliksråda.

Det eine skjemaet, «Valg av forliksrådsmedlemmer» som er todelt, kan kommunane nytte når dei melder om suppleringsval eller val av nytt forliksråd. Skjemaet er også tilrettelagt for dei kommunene som har eit felles forliksråd eller som har eit forliksråd med flere avdelingar. Det er muleg å laste opp dommerforsikringar i skjemaet for dei forliksrådsmedlemmane som ikkje har vore oppnemnt tidligare. Direktelenkje til skjemaet er: https://fmsffmedocvwr.fylkesmannen.no/eDocument.Viewer/Fylkesmannen/forliksraadsmedlemmer

Det andre skjemaet: «Forliksråd – oppnevning av midlertidig stedfortreder» kan forliksråda evt. kommunane bruke, når dei ber Fylkesmannen om å få oppnemnt ein stadfortreder for eit forliksrådsmøte eller for ein periode opp til tre månader. Direktelenkje til skjemaet er: https://fmsffmedocvwr.fylkesmannen.no/eDocument.Viewer/Fylkesmannen/FRAAD_MID

Kontaktpersonar