Apostillestempel på dokument

For at eit norsk dokument skal vere gyldig i utlandet, må det ha eit apostillestempel. Apostillestempelet stadfestar ikkje at innhaldet i dokumentet er riktig, men det stadfestar at signaturen til notarius publicus er ekte. Dette blir kalla legalisering. Det er Fylkesmannen som legaliserer dokument for bruk i utlandet, det vil seie for dokument som skal brukast i dei landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. 

Før eit dokument kan få apostillestempel, må det først vere notarialstadfesta, det vil seie signert av ein notarius publicus (embetsmann som står for visse offentlege rettslege handlingar) og stempla med institusjonens embetsstempel (ofte eit løvestempel). Det er viktig at namn og tittel er skrivne tydeleg, anten med trykte bokstavar eller blokkbokstavar under signaturen.

Dokument som er skrivne eller stadfesta av statsautoriserte translatørar, må ha notarialstadfesting. Det same gjeld dokument som er skrivne av andre private yrkesutøvarar med autoriasjon frå det offentlege, til dømes advokatar, helsepersonell og revisorar. 

Utanriksdepartementet (UD) har ei oppdatert liste over landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. UD har også informasjon om dokument som skal brukast i land som ikkje har slutta seg til konvensjonen. Dokument som skal brukast i Norden, treng ikkje apostillestempel. Her held det med ei notarialstadfesting.

Vis meir

Servicekontoret vårt hjelper deg med apostille

I utgangspunktet er det notarius publicus (tingretten, Sysselmannen på Svalbard, Brønnøysundregistret, skipsregisteret og til dels lensmann) som blir bekrefta med apostille.

Fylkesmannen kan bekrefte nokre andre offentlege etatar (som f.eks Skatteetaten). Det må ha eit offisielt stempel (rundt stempel) og vi må ha signaturprøva til vedkomande. (Dersom etaten har brukt eit vanleg bokstavstempel må dokumentet ha notarius publicus-bekrefting i tillegg før vi sett på apostille. Dette må du skaffe sjølv før du sender dokumentet til Fylkesmannen). Rett kopi utan notarial kan ikkje bli bekrefta med apostille.

Papira som du ønskjer stempel på kan sendast i posten til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, merka med apostille. Husk å skrive kva for land dokumentet skal brukast i, returadresse, og kontaktinformasjon. Saksbehandlingstida er som oftast i løpet av same dagen. Vi returnerer dokumenta som vanlig post. Vi sender ikkje dokumenta som rekommandert eller ekspress over natta.

Ved oppmøte sett vi på apostille mens du ventar.

Apostillen er gratis.

Fylkesmannen bekrefter anna tenestemann si underskrift og stempel, vi er derfor ikkje avhengig av personleg oppmøte. Vi har signaturprøver frå dei aktuelle tenestemenn.

Vi kan og apostillestemple andre fylke sin notarius publicus, da vi har eit register for heile landet der dei fleste signaturprøvane ligg. Dersom ei underskrift manglar, må vi innhente den før vi set på apostillen.

Vi kan ikkje seie noko om kva for papir ein treng apostille på, dette er veldig forskjellig frå land til land, og må avklarast med staden der papira skal leggast fram.

For å sette på apostille må vi ha originalt stempel og signatur frå offentleg tenestemann, dokumenta kan difor ikkje sendast på mail, faks eller liknande (eller vere kopi). Ei apostille skal også leverast i original, og vil ikkje vere gyldig dersom den blir sendt på mail, faks eller liknande.

Apostillen er på engelsk.

Vi godkjenne IKKJE andre land sine dokument, sjølv om dei er skreve under av notarius publicus i det landet.

Notarius publicus = å notarialbekrefte. På engelsk: Notary Public

Servicekontoret vårt hjelper deg!